Video
Børning 2
I oppfølgjaren Børning 2 går løpet frå Fosnavåg til Murmansk. Filmen er regissert av Hallvard Bræin og har ei rekkje kjende norske skodespelarar på rollelista.
Om filmen
Roy er ute av fengsel etter å ha sete inne i to år for å ha delteke i eit ulovleg gatebilløp. No er han fast bestemd på å få livet sitt på rett kjøl att.
Det tek likevel ikkje lang tid før han blir utfordra til å bli med på eit nytt billøp. Denne gongen startar løpet i Fosnavåg og endar opp i Murmansk.
Børning 2 sette ny besøksrekord då filmen hadde kinopremiere 2. oktober 2016. Heile 55 834 publikummarar såg han på kino berre den første dagen.
Relatert innhald
Biletkomposisjon og kamerarørsler
Ein film består av ein serie av enkeltbilete som er tekne frå ulike vinklar og komponerte på ulike måtar.