Margaret Mead om læring i ulike samfunn

Før – no – i framtida?
Margaret Mead brukte tre omgrep om læring: postfigurativ, kofigurativ og prefigurativ.
Før: Postfigurative kulturar
Mead trakk fram at i postfigurative kulturar («før») lærer barn i hovudsaka av forfedrane sine, og endringar skjer sakte og umerkeleg. Slike samfunn finn vi framleis enkelte stader. «Dei gamle» var rettesnor for haldningar, verdiar, normer og språk – og dermed viktige for sosialiseringsprosessen, som var generasjonsprega. Ho har ei rekkje eksempel på slike samfunn og kulturar, og beskriv kva som har kjenneteikna dei.
No: Kofigurative kulturar
Deretter tek ho for seg det ho kallar kofigurative kulturar og samfunn («no»). Dette er der barn og vaksne lærer av jamaldra, og der vi tilpassar oss gjennom å bruke andre si åtferd som modell for vår eiga. I desse samfunna er ikkje dette nødvendigvis den einaste forma for kulturell overføring, føregåande generasjonar er framleis viktige, men jamaldra har større påverknad. Her får vi for eksempel samfunnsmessige fenomen som «ungdomskultur».
I framtida: Prefigurative kulturar
Mead bruker omgrepet «prefigurativ» om ein kultur, eit framtidsscenario, som er kjenneteikna av ei omskifteleg verd som er i rask endring, der vaksne lærer av barna sine òg, og der barn veit og kan meir enn dei eldre på fleire område. Barn og unge lærer ikkje lenger det same som generasjonane før dei. Kulturen dei er ein del av, endrar seg raskt og ofte, og det er ein annan kunnskap som blir teken i bruk, ein kunnskap generasjonane før dei ikkje kjende til.
Tenk over
I dagens samfunn er ungdom "digitale innfødde". Dei er oppvaksne med internett og sosiale medium, i motsetning til foreldra, som har vakse opp i ein annan kultur og er "digitale immigrantar". Har vi blitt ein prefigurativ kultur, slik Mead føresåg?
Generasjonskløft
Mead viser til at det utviklar seg ei generasjonskløft, der det er store ulikskapar mellom generasjonane både når det gjeld kultur, verdiar, haldningar, språk og åtferd.
Barna i dag har vokst opp i en verden som foreldrene aldri har kjent, men det var få voksne som var klar over at det ville bli slik. De som var klar over det, var forløperne for framtidens prefigurative kulturer, der det prefigurerte var det ukjente (Mead, 1971, s. 95).
Vil du lese meir? Du kan lese boka i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket