Demoforsøk: Blodig skrift
Lag "ekte" filmblod med berre to ingrediensar og skriv ein beskjed som vil bli hugsa.
- 5 g kaliumtiocyanat, KSCN
- 5 g jern(II)klorid,
- 2 begerglas, 50 mL
- ein bit papp stor nok til å skrive på med fingeren
- Hell kvart salt i sitt eige vesle begerglas og tilset nokre milliliter vatn for å lage ein metta løysning.
- Dekk pappbiten i kaliumtiocyanat-løysning og la tørke.
- Dypp så fingeren i jern(II)klorid-løysningen og skriv på pappbiten. Dette skal resultere i blodraud skrift.
- Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.