Hopp til innhald

Romantikken

Felles for dei romantiske diktarane var blant anna at dei sette intuisjon, kjensler og fantasi høgare enn kunnskap og fornuft, og dei sette naturen høgare enn sivilisasjonen.
Romantikken. Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Tilbake til naturen

Litteraturhistoria har ofte utvikla seg i ei pendelrørsle, mellom ei sterk tru på fornufta på den eine sida og fokus på kjenslene på den andre. Etter ein periode der vitskap, sanning og fornuft har dominert litteraturen og kulturlivet, skjer det eit kjensleladd opprør: fram med kjenslene, og tilbake til det opphavlege og naturlege.

Frå opplysingstid til romantikk

Opplysingstida på 1700-talet var på mange måtar ei hyllest til vitskapen og fornufta. Denne sterke trua på fornufta møtte kritikk mot slutten av 1700-talet, og romantikken tok over som det dominerande kulturelle straumdraget.

Den fransk-sveitsiske filosofen og forfattaren Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) gav i 1750 ut artikkelen "Samtalar om vitskapane og kunsten". Ein hovudtanke i artikkelen er at mennesket er godt av natur, men at menneskesinnet er forderva av vitskapen og sivilisasjonen. For Rousseau var løysinga "tilbake til naturen". Han ønskte å rette merksemda mot mennesket og livet i si opphavlege og naturlege form.

Romantikken i Noreg

I Europa varte romantikken frå slutten av 1700-talet til om lag 1830. I Noreg slo retninga først gjennom for alvor med Henrik Wergeland (1808–1845) og Johan Sebastian Welhaven (1807–1873) på 1830-talet. Felles for dei romantiske diktarane var blant anna at dei sette intuisjon, kjensler og fantasi høgare enn kunnskap og fornuft, og dei sette naturen høgare enn sivilisasjonen.

Både Wergeland og Welhaven skreiv såkalla sentrallyrikk – lyriske tekstar om "dei store, evige spørsmåla" som livet, døden og kjærleiken. Men elles var det få likskapar i diktinga deira. Mens Welhaven ofte blir omtalt som "minnets diktar" fordi ettertanke og refleksjon pregar dikta hans, er Wergeland "augeblinkens diktar" ettersom dikta hans verkar meir spontane, impulsive og prega av augeblinkens kjenslerus.

Denne forskjellen speglar seg òg i forma på dikta. Welhaven skreiv stramt komponerte dikt i klassisistisk stil. Idealet hans var at dikt skulle vere "nydelege, tydelege og prydelege". Wergelands lyrikk derimot er ofte utan enderim eller fast rytme, men full av sterke poetiske bilete.

Nasjonalromantikk

Romantikken utvikla seg mot midten av 1800-talet til det ein kallar nasjonalromantikk. I heile Europa blei kunstnarane opptekne av nasjonalitet og spørsmål som: Kva er det som kjenneteiknar ein kultur? Kva er særmerkt for eit land og eit folk, og kva for nokre verdiar og ideal har folket felles? Svara på desse spørsmåla søkte dei blant anna i folkekulturen og folkelitteraturen, og i tidlegare historiske epokar, særleg mellomalderen.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019