Hopp til innhald
Nynorsk

Argumentasjonsknep

Det finst argumentasjonsmåtar som er meir knep enn argument, men dei er mykje brukte likevel fordi publikum "kjøper" dei gong på gong. Dess større grunn til at du skal vere merksam på dei!

Å berekne publikummet sitt – eller å vere bereknande?

Ein person som er god til å argumentere, set seg inn i korleis mottakaren tenker og føler, og utnyttar dette i argumentasjonen sin. Det er slett ikkje berre drivne debattantar som gjer slikt. Vi bruker alle ein del argumentasjonsmåtar som vi veit speler på haldningane og kjenslene til mottakeren. Desse argumentasjonsmåtane blir gjerne kalla argumentasjonsknep fordi dei ikke alltid toler eit kritisk blikk, og fordi dei inneheld ein sterk, skjult argumentasjon. Nedanfor kan du lese om nokre av desse knepa.

Ekspertknepet

Viss avsendar ikkje har spesielt god kunnskap om eit saksområde sjølv, kan hen "låne" truverde frå ekspertar eller autoritetar på feltet. Med ein lang og vanskeleg tittel verkar ekspertuttalar endå meir truverdige. Eller?

Døme

"Ifølge ein ny forskingsrapport har Vestlandet dei dårlegaste vegane i landet."

"Det beste eg kan anbefale til frukost, er havregraut", seier autorisert klinisk ernæringsfysiolog B. Rød-Hansen.

Generelle eller uforpliktande formuleringar

Det kan vere ein strategi å seie noko som er veldig generelt som ingen er ueinige i, spesielt om du ikkje har noko konkret å vise til. Viss du i tillegg er uklar om når dette skal gjelde, og om kven som har ansvaret, så har du lykkast i å lage ei generell og uforpliktande formulering.

Døme

"I tida framover skal vi jobbe for å få til eit best mogleg helsetilbod til alle innbyggarane i kommunen."

"Vi skal ha ein skule utan mobbing."

Tåkeprat

Noen uttrykker seg med vilje så vanskeleg som mogleg fordi dei veit at mange lèt seg imponere eller skremme av lange setningar krydra med framandord og faguttrykk. Andre kan bruke fine ord for å pakke inn ein lite hyggeleg bodskap, eller for å uttrykke seg så vagt og uforpliktande som mogleg.

Døme

"For konstruktive prosessar i etterkant av skulevurderinga blir det anbefalt at skulen differensierer og tilpassar framlegginga av resultata i basisanalysen i tråd med anbefalingane, innhaldet og modellane for den umiddelbare oppfølginga av skulen."

Ironi

Ironi betyr å seie det motsette av det ein meiner. Den som bruker ironi, signaliserer overfor mottakaren: "Viss du forstår kva eg eigentleg vil seie, er du lur, og vi har noko felles!".

Slik skaper ironien ein fellesskap mellom sendar og mottakar. Den eller dei som ironien går ut over, blir derimot utestengd frå denne fellesskapen.

Døme

"Det synest eg er ein god idé! La oss berre gi bort alle pengane våre til utanlandske selskap."

Verdiknepet

Sendaren kan appellere til verdiane eller livssynet til mottakaren for å overbevise.

Døme

"Dersom vi verkeleg er opptekne av å verne om dyrelivet i nord, korleis kan vi då tillate oljeboring i Lofoten og Vesterålen?"

"Ein god muslim drikk ikkje alkohol. Derfor bør du la vere å drikke."

Smisking

Ei anna moglegheit er å rose mottakaren eller smiske for hen.

Døme

"Eg synest du er superflink i matte. Kan du pliiis hjelpe meg med dette reknestykket?"

Fornuftsknepet

Ein variant av smisking er fornuftsknepet.

Døme

"Du som er ein smart fyr, skjønner sikkert at du bør investere i bustadbygg akkurat no. Prisane kjem berre til å stige."

Med ei slik formulering slår talaren to fluger i ein smekk: Hen blidgjer mottakaren ved å kalle hen smart, samtidig som hen kan bestemme kva som skal oppfattast som klokt eller dumt.

Fleirtalsknepet

Dei fleste synest det er tryggjande at andre er einige med dei. Dette kan sendaren utnytte ved til dømes å vise til fellesskapet eller til fleirtalet.

Døme

"Du er ikkje aleine om å meine dette. Så godt som heile kommunestyret står samla om dette kravet."

"Dei fleste er i dag einige om at ..."

Det kan verke overbevisande når nokon påstår at hen har mange bak seg som meiner eller gjer det same. Men det er slett ikkje sikkert at det er sant, eller at fleirtalet alltid har rett.

Analogiknepet (det liknande tilfellet)

Når vi skal ta stilling i ei sak, samanliknar vi gjerne med tilsvarande situasjonar som vi har høyrt om eller opplevd sjølve. Vi støttar oss til tidlegare erfaringar fordi det gir oss ei form for tryggleik.

Døme

"Då vi arrangerte klassetur i fjor, var det berre halve klassen som møtte. Det er for dårlig. Derfor blir det ikkje nokon tur i år."

Det er likevel ingen naturlov som seier at turen vil ende på same måten neste gang òg. Det er berre større eller mindre risiko for det.

Nyheitsknepet

Få ord har større verknad på oss menneske enn ordet "nytt", og svært ofte trur vi heilt ukritiske at nytt er det same som betre. Ein person som er imot det nye, endar dessutan lett opp med stempelet som sidrumpa surpomp. Og dét har nok ingen lyst til å vere, derfor kan det vere vanskeleg å vere personen som seier nei.

Døme

"Dei nye høghastigheitstoga er framtida! Noreg bør òg satse på slike tog."

Tradisjonsknepet

Det motsette av nyheitsknepet er tradisjonsknepet, der den underliggjande tankegangen er "slik har vi alltid gjort, og slik skal vi fortsetje å gjere." Dei fleste opplever det som trygt at det finst ting som ikkje forandrar seg, men om vi menneske berre hadde søkt tryggleik heile tida, ville vi nok framleis budd i hòler, jakta på småvilt og sanka bær kvar dag. Forandring kan vere av det gode!

Døme

"Vi kan ikkje begynne med leksefri skule. Vi har alltid hatt lekser i Noreg. Det har fungert i generasjonar, så det må vi halde fram med."

Fordommar og mistenkeleggjering

Fordommar kan vere haldningar til ein person eller ei gruppe, som ofte er baserte på mangelfull kunnskap. Ein har kanskje høyrt eller sett noko fleire gonger og overfører dette til å gjelde generelt.

Døme

"Nordlendingar er opne og bannar mykje når dei snakkar."

"Dei som køyrer el-bil, gjer det berre for å vise andre kor miljøvennlege dei er."

Personangrep

Det hender at somme prøver å latterliggjere nokon viss dei er ueinige, eller dei kan prøve å så mistanke om motiva eller ærlegdommen til vedkommande. Dette er gjerne eit forsøk på å avleie publikum frå det faktum at ein har gått tom for relevante argument.

Døme

"Det er interessant at du kallar avgjerda rettferdig når du sjølv tener pengar på henne."

"Du har alltid vore glad i enkle løysingar, har du ikkje?"

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 21.01.2026