Bli god til å presentere - NDLA

Hopp til innhald

Bli god til å presentere

Øv deg på å framføre for andre. Start med å sjå videoen som gir deg ei kort innføring i korleis du kan bli betre til å presentere.
Video med råd og tips om korleis du kan lage gode presentasjonar. Video: NDLA / CC BY-SA 4.0

Presentasjonsråd

  1. Ha klart for deg det du ønsker å formidle: bodskapen.

  2. Presenter deg sjølv.

  3. Sjå folk i auga.
  4. Fortel kva presentasjonen skal dreie seg om.
  5. Bruk kunnskapen du har om emnet og snakk fritt.

  6. Unngå å bruke ord du ikkje sjølv forstår.

  7. Bruk illustrasjonar og forteljingar for å gjere presentasjonen interessant.

  8. Bruk stor skriftstorleik, få ord og få lysbilete.
  9. Unngå å bruke for mange punkt og punktlister.
  10. Samanfatt og konkluder.

Oppgåve 1. Presenter deg sjølv

  1. Lag ein kort presentasjon av deg sjølv på tre til fem lysbilete.

  2. Bruk eit digitalt presentasjonsverktøy til å setje saman informasjonen.

  3. Ta gjerne for deg interesser, favorittmat, filmopplevingar, aktivitetar og personlegdom.

  4. Framfør presentasjonen framfor klassen/gruppa.

Oppgåve 2. Presenter eit tema

  1. Gå saman i grupper på tre–fire personar. Finn ut korleis de i gruppa bruker sosiale medium.

  2. Kva for sosiale medium er mest populære? Kva for eit er nyast? Kva for nokre kan de ikkje klare dykk utan? Korleis bør vi stille oss til sosiale medium i skulekvardagen?

  3. Lag ein presentasjon på ti lysbilete som viser bruken og synspunkta i gruppa. Presenter for klassen.

Skrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2024