Hopp til innhald
Nynorsk

Fotosyntese

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Ordet kjem av dei greske orda photos, som betyr lys, og synthesis, som betyr å setje saman.

Frå lysenergi til kjemisk energi

I fotosyntesen blir karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) omdanna til glukose (druesukker) (C6H12O6) og oksygen (O2) ved hjelp av energi frå sollys:

6CO2 + 6H2O + lysenergi C6H12O6 + 6O2

Fotosyntesen blir vanlegvis forbunde med grøne plantar og algar, men enkelte bakteriar kan også utføre fotosyntese. Sidan energien til å drive fotosyntesen kjem frå sola, kan vi seie at nesten all energi som er lagra i plantar kjem frå solenergi. Når plantar utfører fotosyntese, blir noko av denne energien lagra som kjemisk energi i organiske sambindingar.

Vi er avhengige av energi og oksygen frå plantane

Fotosyntesen finn stad inne i planteceller i spesielle organellar som blir kalla kloroplastar. Kloroplastane inneheld klorofyll, eit grønt fargestoff som fangar opp lysenergi og gir plantane grønfarge. Organismar som kan lage sine eigne energirike sambindingar blir kalla autotrofe organismar. Plantar, algar og einskilde bakteriar er autotrofe.

Dyr, menneske, soppar og mange mikroorganismar kan ikkje lage eigne energirike organiske sambindingar. Dei må derfor få energi ved å ete eller bryte ned andre organismar. Slike organismar kallar vi heterotrofe organismar.

Alt vi et heng direkte eller indirekte saman med fotosyntesen. Sjølv om vi et kjøt, kjem energien i kjøtet opphavleg frå plantar som har bunde solenergi gjennom fotosyntesen. Fotosyntesen produserer også oksygenet som dei fleste organismane treng til celleanding.

Relatert innhald

Celleanding og lagring av energi

Celleandinga er kjemiske reaksjonar som skjer i cellene, og som frigjer energi frå næringsstoffa. Forbrenning er eit anna ord for celleanding.

Skrive av Kristin Bøhle og Åge Guddingsmo.
Sist oppdatert 16.09.2026