Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging - NDLA

Hopp til innhald

Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

I dette forsøket skal du bruke ein dataloggar og lære om fotosyntese, celleanding, pH og karbondioksid løyst i vatn.

Målsetjing

Målet med denne elevøvinga er å lære om

  • samanhengen mellom lysmengd og fotosynteseaktivitet
  • samanhengen mellom pH og oppløyst CO2-mengd i vatnet
  • moglegheitene som dataloggarutstyr gir oss

Bakgrunnsteori

Før du gjer dette forsøket, bør du vite at:

  • karbondioksid (CO2) løyst i vatn gir ei svak syre – karbonsyre:
    CO2 + H2O ↔ H2CO3

  • CO2 blir teke opp og brukt ved fotosyntese
  • CO2 blir skilt ut ved celleanding

Utstyr

  • dataloggar med følarar (sensorar) for lys og for pH (2 stk.)

  • datamaskin med program for å tolke data frå loggaren
  • to store begerglas
  • akvarieplante (forsøket kan fungere med blad frå enkelte potteplantar)
  • Farris eller liknande som sørgjer for ar det er nok CO2 i vatnet
  • vindaugskarm med dagslys eller kunstig plantelys

Framgangsmåte

  1. Fyll vatn i begge begerglasa, og tilset ei lita mengd Farris for å sikre at det er nok CO2 i vatnet. 10 ml kan vere nok.

  2. Plasser begerglasa i vindaugskarmen eller ved ei kunstig lyskjelde.
  3. Kople ein lysfølar og to pH-følarar til dataloggaren, og gjer dei nødvendige innstillingane for at loggaren skal vite kva sensor som er kopla til kva port.

    1. Kor ofte skal det målast?


      Kvart tiande minutt kan vere passande for denne øvinga.

    2. Kor mange målingar skal takast?


      Viss du har moglegheit til å la forsøket stå i eitt døgn, blir det 144 målingar, og på to døgn får du 288 målingar. Vel det talet på målingar som ligg nærast og over det du treng. Logginga kan stoppast når som helst, så det gjer ingenting om du skriv inn fleire enn du treng.

    3. Du treng ikkje bruke nokon triggarfunksjon ved dette forsøket.
  4. Legg lysfølaren i vindaugskarmen, og skyl av pH-elektrodane før du set dei i begerglasa.

  5. Viss pH-elektrodane er riktig kalibrerte og har "friske" membranar, skal dei no vise same pH. Det kan vere lurt å sjekke dette før du legg planten i det eine begerglaset.
  6. Legg akvarieplanten i det eine begerglaset.
  7. Start loggaren.
  8. Når du avsluttar forsøket, må loggaren stoppast.
  9. Kople loggaren til datamaskinen, og last ned målingane.

Forsøksrapporten

  • Grafane må tilretteleggjast, tolkast og leggjast ved.

  • Prosessane som skjer i vatnet og i planten påverka av lys og i mørke, må inngå i rapporten.
  • Kva nytte hadde du av kontrollglaset utan plante?
  • Fann du ut noko som har relevans for drivhuseffekten?
  • Er det feilkjelder her, og korleis kan du eventuelt minimere desse?

Dette forsøket kan du sjå i siste del av filmen "Datalogging – film av forsøk".

Relatert innhald

Fagstoff
Datalogging i naturfag

Å kunne bruke digitale verktøy er éin av fem grunnleggjande ferdigheiter som passar utmerkt i naturfag. Vi ser nærare på moglegheiter som dataloggarar gir.

Fagstoff
Fotosyntese

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen.

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019