Når du er ute og reiser, tenkjer du nokon gong på kva spor du legg igjen? Ønskjer du at dei neste generasjonane skal få oppleve det same som deg? Kva er eigentleg eit berekraftig reiseliv?
Eit gammalt ordtak av ukjent opphav seier noko om prinsippet om berekraftig reiseliv: "Ta ikkje anna enn bilete, legg ikkje igjen anna enn fotavtrykk, drep ikkje anna enn tid".
Destinasjon Røros har definert berekraftig reiseliv som "Med bærekraftig reiseliv arbeider man for at turisme skal ha lav innvirkning på miljø og lokal kultur, med mål om å sikre en positiv innvirkning og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turister".
Tema som lokal økonomi og verdiskaping, natur, miljø- og klimapåverknad og samspell mellom lokalsamfunn og reiseliv er sentrale i forståinga av eit berekraftig reiseliv. Eit berekraftig reiseliv er eit reiseliv som ikkje øydelegg for kommande generasjonar, og som tek omsyn til naturen, kulturen og økonomien i lokalsamfunnet. Vi kan seie at det har tre pilarar: økologi, økonomi og sosiale forhold. Dette samspelet kan illustrerast med prosessen sett i ein "traktmodell", som vist i biletet under.
Noreg ønskjer å ta ein leiarposisjon i utviklinga av eit berekraftig reiseliv. I regjeringa sin strategi for utvikling av Noreg er berekraftige reisemål ein føresetnad for reiselivsnæringa.
Verdas turismeorganisasjon, UNWTO (United Nations World Tourism Organisation) har definert berekraftig reiseliv med fokus på tre hovudområde:
Bevaring av natur, kultur og miljø
Styrking av sosiale verdiar
Økonomisk levedyktigheit
Dei tre hovudmåla inneheld ti delmål, som til saman skal sikre ei berekraftig utvikling innan reiselivet. Destinasjon Røros har omsett dei til norsk: