Hopp til innhald

Blåbærsyltetøy

  • 1 kg bær
  • 250 –500 g sukker


Reins og skyll bæra og legg dei i ein kjele. Til faste bær kan ein tilsetje litt vatn. Ha lok på. Gi bæra eit raskt oppkok utan sukker, kok bæra til dei er gjennomvarme og mjuke. Tilsett sukker og rør til det er oppløyst. Gje det heile eit oppkok. Skum av og hell syltetøyet på reine, varme glas. Fyll glasa heilt opp, sett på lok og snu glasa opp-ned til dei har kjølna. Syltetøyet kan stå i ein kald kjellar eller liknande.

CC BY-NC-SASkrive av Uteskoleveven.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017