Hopp til innhald

Fiskesuppe

  • 1 pakke med fiskekaker (400 g)
  • 1 liten boks reinska reker
  • 2 gulrøter
  • 1 liten purre
  • 1 kvast kruspersille
  • 1,5 dl fløyte
  • 2 terningar fiskebuljong
  • 2 ss kveitemjøl
  • 1 ss smør
  • 1 eggeplomme
  • Smak til med salt og pepper

Slik gjer du det:
Kok opp 1 liter fiskebuljong med dei to fiskebuljongterningane.
Vask, reins og skjer gulrøtene i tynne skiver. Vask purren og skjer den i tynne ringar. Skjer fiskekakene i terningar.
Smelt smøret i ein kjele og la gulrøtene og purren frese seg gylne i kjelen i eit par minutt.
Lag ei jamning med mjølet og litt av buljongen. Hell jamninga i kjelen og tilset resten av buljongen. Rør forsiktig.
La suppa koke til grønsakene er nesten møre. Tilset fiskekakene og rekene. Bland eggeplomma med fløyten og ha det i kjelen.
La suppa stå og trekkje i fem minutt. Strø på finhakka kruspersille rett før servering.
P.s. Fiskekakene kan byttast med kokt fisk.

CC BY-NC-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017