Er du klar dersom krisa råkar?
Sjå for deg at straumen går, internett forsvinn, mobilen sluttar å verke, og du ikkje får tak i familien din. Kva gjer du då? Veit du kva du treng for å klare deg dersom kvardagen plutseleg blir snudd på hovudet?
Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på uventa hendingar og vite korleis du kan ta vare på deg sjølv og hjelpe andre. Det handlar ikkje om å vere redd for at noko skal skje, men om å vere førebudd dersom det skjer.
Sjå filmen nedanfor for å få ei kort oppsummering av råda for eigenberedskap. Test spelet «Krise!» og styrk eigenberedskapen din!
Spel – og styrk eigenberedskapen!
God eigenberedskap og førebuing nyttar! Spel dykk gode på kriser i samband med eigenberedskapsveka.
Test spelet “Krise!”NDLA kort fortalt
Dei beste tipsa våre – rett i innboksen
I nyheitsbreva våre deler vi faglege godbitar og nyttige læringsressursar – skreddarsydd frå oss til deg!
Meld deg på NDLA sitt nyheitsbrev