Pronomen
Personlege pronomen
Personlege pronomen er ord som erstattar substantiv i setninga:
Lena kjem på besøk i morgon. Ho gleder seg veldig til å sjå deg. (Ho = Lena)
Bilane stod parkerte på gardsplassen. Dei var vaska og polerte.
(Dei = bilane)
I tabellen under ser du dei personlege pronomena på bokmål og nynorsk. Dei pronomenformene som du må vere særleg merksam på, er utheva.
Bokmål | Nynorsk |
---|---|
jeg – meg | eg – meg |
du – deg | du – deg |
han – han el. ham | han – han |
hun – henne | ho – henne el. ho |
det – det | det – det |
vi – oss | vi – oss |
dere – dere | dokker – dokker el. de – dykk |
de – dem | dei – dei |
Som du ser av tabellen, er det eigentleg ganske mange av dei personlege pronomena som er like på bokmål og nynorsk.
Det som kan vere vanskeleg, er formene i andre og tredje person fleirtal (bokmål: dere og de), for ein del elevar strevar også med å bruke de og dem rett når dei skriv bokmål.
Det enklaste og luraste er om du vel å bruke dokker i andre person fleirtal i nynorsk.
Øving 1
Ubestemt pronomen
På nynorsk kan du ikkje bruke det ubestemte pronomenet “man”. I staden kan du bruke “ein”. Ofte er det enda betre å bruke “vi” eller “du”.
Øving 2
Gjer om kardemommeloven til nynorsk. Prøv med “ein”, “vi” og “du” i staden for “man”, og argumenter for kva form som passar best.
Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil!