BildeMutasjonarMutasjonar er endringar i arvestoffet til ein organisme. Øvst ser du korleis DNA blir pakka i ei celle. Mutasjonar kan vere store og blir då kalla kromosommutasjonar (venstre). Ved kromosommutasjonar blir større bitar av eit kromosom endra. I det første dømet har ein bit av kromosomet dobla seg. I det andre dømet har ein bit av kromosomet forsvunne. Mutasjonar som berre endrar på éin nitrogenbase i DNA, blir kalla punktmutasjonar (høgre). I dømet har tymin (T) blitt bytt ut med cytosin (C).CC BY-SABilde: Lene MartinsenRegler for bruk