BildeRekombinant DNA-teknologi nnGenet som kodar for ønskt eigenskap, blir identifisert i isolert DNA frå ei spyttprøve. Restriksjonsenzymet bind seg til restriksjonssetet og klipper ut genet som kodar for ønskt eigenskap. Isolert plasmid frå ein bakterie blir klipt med same restriksjonsenzym, slik at dei ulike DNA-fragmenta passar saman. Til å binde DNA-fragmenta frå dei to ulike organismane saman bruker ein enzymet ligase. Resultatet blir eit rekombinant DNA-molekyl som blir sett inn i bakterien for å bli kopiert opp. Ved hjelp av seleksjonsmarkøren vil det vere mogleg å identifisere bakteriar som inneheld det rekombinante DNA-molekylet, og på den måten dyrke fram berre desse bakteriane.CC BY-SABilde: Camilla Øvstebø Regler for bruk