Skip to content
Learning path

You are now in a learningpath:
Vanlege nynorskfeil 2: verb

Exercise

A-verb

Mange elevar bøyer a-verb feil når dei skriv nynorsk. Størsteparten av verba i nynorsk er a-verb. Derfor er det lurt å bli heilt trygg på korleis dei blir bøygde.

A-verb er ei gruppe verb som vi bøyer etter dette mønsteret på nynorsk:

  • å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta

På bokmål har desse verba -er i presens (nåtid). I fortid (preteritum og presens perfektum) kan dei få -et eller -a:

  • å kaste – jeg kaster – jeg kastet – jeg har kastet

ELLER

  • å kaste – jeg kaster – jeg kasta – jeg har kasta

Mange gløymer at a-verb skal ende på -ar i presens (notid) i nynorsk. Dei skriv altså “eg kaster” i staden for det som er rett, nemleg “eg kastar”.

Fortidstesten

Slike feil kan du lett luke bort om du tar fortids-testen: “I går pratet/prata jeg”. Om du seier -et eller -a i ditt eige talemål, kan du gå ut frå at verbet er eit a-verb også i nynorsk.

Eksempel

Du lurer på om verbet "sykle" er eit a- eller e-verb. Kva seier du på di eiga dialekt i fortid? Du vil nok seie "sykla" eller "syklet", og då veit du at det mest sannsynleg er eit a-verb.

Øving 1

Øving 2

Sett om til nynorsk. Obs! Her må du passe på litt meir enn verbbøying!



CC BY-SA 4.0Written by: Åsa Abusland.
Last revised date 08/16/2019