Læringsmål
CC BY 4.0Du har kanskje høyrt læraren din seie: “Nynorsk er ikkje vanskeleg å bli god i!” Men det er du kanskje ikkje heilt einig i, eller så har du ikkje ambisjonar om å bli meir enn sånn passe god i sidemålet ditt.
Her vil du lære dei viktigaste reglane som kan hjelpe deg til å skrive heilt grei nynorsk. For å få til dette må du vere innstilt på å lære deg
- dei tre vanlegaste verbtypane
- fem vanlege sterke verb
- regelrett hankjønns-, hokjønns- og inkjekjønnsbøying
- dei personlege pronomena som er forskjellige frå bokmål
- eigedomsorda som er forskjellige frå bokmål
- plassering av eigedomsord på nynorsk
- spørjeorda på nynorsk