Nå skal du lære deg tolv sterke verb som blir bøygde (nesten) som på bokmål.
Bøying av sterke verb
InFinitiv
Presens
Preteritum
Presens perfektum
å be
eg ber
eg bad
eg har bedt
å bli
eg blir
eg blei
eg har blitt
å dra
eg drar
eg drog
eg har dratt
å få
eg får
eg fekk
eg har fått
å gi
eg gir
eg gav
eg har gitt
å gå
eg går
eg gjekk
eg har gått
å la
eg lar
eg let
eg har latt
å le
eg ler
eg lo
eg har ledd
å sjå
eg ser
eg såg
eg har sett
å slå
eg slår
eg slo
eg har slått
å stå
eg står
eg stod
eg har stått
å ta
eg tar
eg tok
eg har tatt
Sterke verb – eller?
No lurer du kanskje? For er det ikkje slik at sterke verb endar på -e i perfektum partisipp, ikkje på -t eller -d? Det har du faktisk heilt rett i.
Men i moderne norsk er det dei svake verba som er vinnarane i verbkonkurransen. Ikkje nok med at vi automatisk bøyer alle nye verb i språket vårt svakt (eg googlar – eg googla – eg har googla, for eksempel): Ein del sterke verb har dessutan “meldt overgang” til dei svake verba, anten heilt eller delvis. Det er derfor nokon av verba ovanfor har perfektum partisipp som endar på -tt.
Enkelte av verba på lista ovanfor kan bøyast på to måtar. Verbet å ta kan bøyast sterkt heile vegen: eg tek – eg tok – eg har teke, eller det kan bøyast delvis svakt, som i bokmål: eg tar – eg tok – eg har tatt.
Det same kan vi gjere med verbet å gi. På nynorsk kan det heite eg gir – eg gav – eg har gitt, eller eg gjev – eg gav – eg har gjeve.
Det enklaste for deg med bokmål som hovudmål er halde deg til dei formene som nærmast bokmål. Vi har derfor berre sett opp desse formene i lista ovanfor.