Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstkulturar og tekstpraksisar

Tekstkulturar er menneske som samhandlar gjennom tekstar ut frå ein felles idé om korleis tekstane skal brukast. Korleis kan vi utforske samhandling gjennom tekstar?
Ung gut lener seg mot ein sykkel mens han ser på mobilen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I løpet av ein vanleg dag er det vanskeleg å unngå å lese eller skape tekst. I eit utvida tekstomgrep er tekst teikn sette saman til ein heilskap, og det kan vere alt frå Tiktok-videoar, tekstmeldingar og plakatar til fagartiklar, romanar og brev.

Når du skriv "ins" i ei tekstmelding til ein ven som spør kva du driv med, nyttar du deg av som gjer at du og mottakaren kan forstå kvarandre. Du har lært at "ins" betyr "ikkje noko spesielt", kanskje fordi nokon andre har sendt same melding til deg ein gong.

Du har òg ein idé om kven du kan sende ei slik melding til, og i kva situasjonar det er passande å svare på denne måten. Kanskje du finn på nye forkortingar som til slutt blir ein del av samlinga av teikn som du og venene dine kan bruke når de kommuniserer via tekstar?

Dette er eit døme på korleis vi bruker tekstar i samhandling med andre menneske, og kor mange kulturelle kodar vi må ha felles for at dette skal fungere.

Tekstkulturar

Tekstar er altså ikkje berre ein måte å overføre informasjon på, men ein måte å samhandle med andre på. Omgrepet tekstkulturar kan brukast om ulike fellesskap som har eigne sjangrar og normer for korleis ein skal utforme og bruke tekstar.

Ein tekstkultur er "en gruppe mennesker som samhandler gjennom tekster ut fra et noenlunde felles normsystem" (Tønnesson, 2012, s. 58).

Å samhandle gjennom tekstar er både å lese, tolke og skape. I ins-dømet over blir teksten brukt til å kommunisere direkte med ein mottakar. Då blir det ekstra tydeleg korleis meiningsskapinga er avhengig av felles normer for teksten.

Alle tekstar er ei form for sosial praksis

Samhandlinga er ikkje alltid så tydeleg som i dette dømet. Men andre tekstar, slik som til dømes romanar, er òg avhengige av ein fellesskap av kulturelle kodar hos dei som skaper og tolkar teksten. Det viste reaksjonane på Karl Ove Knausgårds bokserie Min Kamp, som handla om brot på forventningane til korleis ein roman skal forhalde seg til røyndomen. Ein roman fyller òg ein sosial funksjon. Han kan bidra til å stadfeste eit verdsbilete, legitimere kjensler eller utfordre etablerte førestillingar. Alle tekstar er ei form for sosial praksis, mens ikkje all sosial praksis involverer tekstar.

Sjanger

Meininga som blir skapt, er avhengig av at dei som samhandlar, har felles kunnskap om korleis tekstane skal utformast, og kva teikna som blir brukte i teksten, betyr. Denne felles kunnskapen blir ofte samanfatta i sjangrar, som er ein måte å kategorisere tekstar på.

Vi kan seie at ein sjanger blir ei fast oppskrift på korleis ein tekst skal innkodes og blir avkoda, og den lettar dermed arbeidet med å lese og skape tekstar. Sjangrar endrar seg over tid, og nokre forsvinn mens nye oppstår. Nokre sjangrar er fagspesifikke, mens andre blir berre brukte av ei bestemt sosial gruppe.

Tenk over / diskuter

Kva tekstkulturar tek du del i på ein vanleg kvardag? Kva normer for tekstar gjeld der, og kva sjangrar møter du?

Siluettar av menneske som står med kvar sin skjerm framfor ein stor, raud YouTube-logo. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstkulturar og tekstpraksisar

Som alt anna som har med kultur å gjere, er tekstkulturar eit komplekst omgrep som vi kan forstå både vidt og smalt. Tekstkulturar oppstår når menneske har oppgåver dei skal løyse gjennom tekst, og på denne måten skaper felles meining (Tønnesson, 2008).

Vi kan snakke om ein nasjonal tekstkultur, som den norske tekstkulturen, eller vi kan snakke om ein spesifikk tekstkultur innanfor institusjonar, organisasjonar eller sosiale grupperingar. Internt i desse kan det òg vere mange ulike tekstpraksisar med ulike funksjonar som overlappar eller eksisterer side om side.

Tekstpraksisar er sosialt anerkjende måtar vi kan skape, kommunisere og fortolke meining gjennom tekstar på. Desse praksisane blir forma av sosiale og kulturelle faktorar, og dei utviklar og endrar seg over tid (Rambø & Vollan, 2016).

Eit døme: ulike tekstpraksisar i tekstkulturen til barn

Maja Michelsen har forska på tekstkulturane til barn og har sett på korleis dei tek imot, tolkar og skaper tekstar i kvardagen. Ho fann ut at tekstkulturen til barna innebar tre ulike tekstpraksisar: ein heimleg orientert tekstpraksis, ein vitskaps- og samfunnsorientert tekstpraksis og ein kommersielt orientert tekstpraksis (Michelsen, 2015). Desse dekkjer tre ulike delar av kvardagen til barna, og barna meistrar desse praksisane til ulik grad.

Heimleg tekstpraksis

Dørskilt, plakatar på rommet, bilete i rammer og fotoalbum er alle døme på ein heimleg tekstpraksis, der ein av funksjonane er å uttrykkje identiteten barna har som familiemedlemmer. Bilete teke ved høgtider viser fram akseptable veremåtar i familien, og barna lærer frå eldre familiemedlemmer korleis familiebilete skal sjå ut.

Vitskaps- og samfunnsorientert tekstpraksis

Ein vitskaps- og samfunnsorientert tekstpraksis handlar om samfunnet, og korleis du kan delta i det, finne informasjon om det eller påverke det gjennom å ha kunnskap. Barna kan få status som ekspertar på eit område dei har lese seg opp på. Eit døme er spelet Minecraft, der barn må ha kunnskap om ulike kombinasjonar av element og blokker for å lykkast, og der dei kan reprodusere kjende byggverk eller vise ekspertkunnskap på andre måtar. Barna kan òg lære å administrere ved å ha eigne serverar der dei definerer reglar og rammer.

Kommersiell tekstpraksis

Ein kommersiell tekstpraksis handlar om tekstane til populærkulturen på ulike medieplattformer, med verdiar som ry og popularitet. Nokre av barna iscenesette seg sjølve som kjendisar i spel som MovieStarPlanet. Å lage teikningar av spelefigurar eller sjå på YouTube-videoar er døme på nokre slike praksisar.

Andre funn

Michelsen peikar på at nokre av barna ofte orienterte seg mot ein eller fleire av desse praksisane, og at dette prega korleis dei sjølve skapte og tok imot tekstar i andre samanhengar, til dømes på skulen. Eit funn var at gutar ofte føretrekte den vitskaps- og samfunnsorienterte praksisen, mens jentene i studiane var åleine om å delta i heimlege tekstpraksisar. Både gutar og jenter deltok i kommersielle tekstpraksisar, og dei tekstpraksisane som jentene deltok i der, handla om utsjånad, mens gutane sine handla om å utøve makt.

Dette dømet viser at å undersøkje tekstkulturar må innebere ei forståing for at dei er både komplekse og dynamiske, og at dei består av mange ulike tekstpraksisar som blir brukte ulikt av ulike aktørar. Det er òg viktig å undersøkje kva slags meining som blir skapt frå perspektiva til ulike aktørar, for å forstå kva slags funksjonar eller oppgåver tekstane løyser for dei.

Tenk over / diskuter

Kan disse ulike kategoriane for tekstpraksisar bli overførte til kvardagen din? Kva tekstpraksisar meiner du at barn har mest bruk for i framtida?

Kjelder

Michelsen, M. (2015). Teksthendelser i barns hverdag [Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo]. DUO vitenarkiv. https://www.duo.uio.no/handle/10852/51750

Rambø, G.-R. & Vollan, M. (2016). Tekstpraksis og tekstrefleksjon. I E. S. Tønnessen, N. R. Birkeland, E.-M. D. Drange, G. Kvåle, G.-R. Rambø & M. Vollan (Red.), Hva gjør lærerstudenter når de studerer? Lesing, skriving og multimodale tekster i norsk grunnskolelærerutdanning. (91–126). Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215026312-2016-06.

Tønnesson, Johan L. (2008). Hva er sakprosa? Universitetsforlaget.

Svennevig, J. (2021, 8. november). Sjanger i Store norske leksikon. http://snl.no/sjanger

Svennevig, J. & Henriksen, A. H. (2017, 14. desember). Modalitet i Store norske leksikon. https://snl.no/modalitet

Relatert innhald

Ein tekstkultur er ein fellesskap som samhandlar gjennom tekstar ut frå felles normer om korleis tekstar skal vere.

Kulturar og kulturelle normer påverkar både korleis vi skaper og korleis vi oppfattar tekst.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Tekstkultur og sjanger