Konvertering vil seie å gå frå ei religiøs tilhøyrsle til ei anna, men kan også brukast om det å bli religiøs og slutte seg til ein religion.
I podkasten nedanfor møter du Gustav. Som 18-åring blei han ein del av Hare Krishna-rørsla (ISKCON). Han hadde ingen religiøs bakgrunn. Hare Krishna-rørsla byggjer på ein hinduistisk tradisjon og reknar Krishna som Gud.
I oppgåva skal du jobbe med å utforme og teste hypotesar. Er du usikker på kva ein hypotese er, og korleis du testar ein hypotese, kan du lese meir om det her: Hypotetisk-deduktiv metode.
Oppgåve 1: Før du høyrer podkasten
Kva trur du skal til for at ein vanleg norsk ikkje-religiøs gut skal totalt forandre synet sitt på verda og bli med i Hare Krishna?
- Kva slags situasjon trur du Gustav må ha vore i for å vere mottakeleg for ei slik endring? Formuler ein hypotese.
- Kva trur du medlemmene av Hare Krishna-rørsla gjer for å få folk som Gustav til å tru på det dei sjølv trur på? Formuler ein hypotese.
- Kva for dimensjonar ved Hare Krishna-rørsla trur du er viktigast for at Gustav skal endre verdsbiletet sitt? Lag ei rangert liste med det du tenkjer er viktigast øvst:
- Det læremessige/filosofiske (gudetru, verdsbilete og menneskesyn)
- Det rituelle (religiøse handlingar)
- Religiøse/åndelege opplevingar (kontakt med Gud, åndeleg utvikling)
- Det sosiale (fellesskap, sosial organisering)
- Det mytiske (forteljingar frå dei heilage skriftene)
- Det etiske (kva som er rett og gale, eller godt og vondt)
- Det estetiske (musikk, dans, kunst)
Oppgåve 2: Mens du høyrer på podkasten
Noter ned ting du meiner vil vere relevant for hypotesane dine.
Oppgåve 3: Etter at du har lytta til podkasten
- Gå systematisk gjennom hypotesane frå oppgåve 1 a og b og vurder om du fikk dei bekrefta eller avkrefta gjennom Gustav si historie.
- Sjå på lista du sette opp i oppgåve 1c. Er det noko du vil endre på i denne lista etter at du har høyrt Gustav si historie?
- Kva overraska deg mest ved Gustav si historie?
- Gustav si historie vil sikkert i nokre tilfelle stemme godt med hypotesane du har sett opp, mens ho i andre tilfelle stemmer dårleg. Kva betyr det for ein forskar når ein hypotese blir bekrefta eller avkrefta?
- Når ein fortel om seg sjølv har ein ofte ein tendens til å konstruere ei historie som er samanhengande og logisk, og som passar godt med den ein er no. I kva for grad trur du at du kan stole på Gustav si historie?
Oppgåve 4: Konklusjon
- Skriv ein konklusjon på 3–4 setningar som summerer opp korleis Gustav si konvertering føregjekk og kva som var dei viktigaste årsakene og drivkreftene bak denne prosessen.
- Du har no høyrt berre éi historie om konvertering. Andre historier kan vere heilt annleis. Kan likevel Gustav si historie vere nyttig for å få ei betre forståing av kva konvertering er? Grunngi svaret.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019