Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Livslang identitet

Kven vil du vere om ti, tjue, tretti eller førti år? Identiteten vår endrar seg. Du er ikkje den same no som då du gjekk i barnehagen, byrja på barneskulen eller starta på ungdomsskulen. Kva for ulike faktorar er med på å forme identiteten din i ulike fasar av livet?

Oppgåve 1

Diskuter i grupper:

  1. Kva har hatt størst innverknad på identiteten din fram til no?
  2. Kva hendingar trur du kjem til å få størst innverknad på identiteten din i framtida?

Oppgåve 2. Livslang identitet

Sjå filmen og svar på oppgåvene:

  1. Kva for ulike faktorar er med på å forme identiteten til Jørn?
  2. I barndommen flyttar Jørn frå Vestlandet til Austlandet. Korleis kan det påverke identiteten hans?
  3. Korleis endrar Jørn sin identitet seg i ungdomstida? Kvifor trur du han endrar seg så mykje akkurat då?
  4. Jørn giftar seg med ei jente med ein annan kulturell bakgrunn. Korleis kan det påverke identiteten hans?
  5. Diskuter om Jørn sin identitet har ein fast kjerne. Har han heilt ulik identitet i ulike delar av livet, eller er det noko som ikkje endrar seg?
Til saman seksten personar (åtte av kvart kjønn) i ulik alder er oppstilte etter kvarandre i to rekkjer – frå barndom til alderdom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Lag ei tidslinje

I denne oppgåva skal du lage ein fiktiv person – og reflektere over korleis identiteten til denne personen endrar seg i løpet av livet. Denne prosessen skal du presentere i form av ei tidslinje.

  1. Lag ein fiktiv person
    Finn på ein person og lag ei tidslinje der du beskriv viktige val, hendingar og påverknader som formar identiteten til han eller henne i ulike delar av livet. Det kan til dømes vere

    • kjønn og namn
    • bustad – i ulike fasar av livet
    • familie som barn, sivil status som vaksen
    • venskapsforhold gjennom livet
    • utdanning
    • yrke/karriere
    • livsstil, fritidsinteresser, deltaking i organisasjonar
    • religion, etnisk tilhøyrsel og morsmål
    • uventa hendingar
    • viktige samfunnsendringar
  2. Presenter tidslinja
    Du kan presentere munnleg for ein medelev eller klassen, eller du kan spele inn presentasjonen din. Bruk både bilete, illustrasjonar og tekst. Her er forslag til verktøy du kan bruke til å presentere tidslinja:

  3. Oppsummer
    Reflekter i grupper eller heile klassen saman:

    • Var det nokon likskapar mellom tidslinjene? Var det nokon faktorar som alle tenkte var viktige i ulike delar av livet?
    • Var det nokon grunnleggjande forskjellar mellom tidslinjene? Kva var eventuelt grunnen til desse forskjellane?
    • Var det nokon viktige påverknadsfaktorar som mangla i tidslinjene?
    • I kva grad kan ei slik oversikt gi eit komplett og realistisk bilete av ein person?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2020

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?