Hopp til innhald

Fagstoff

Digitalt spel: Bad News

Spelet Bad News gir deg innsikt i korleis falske nyheiter blir spreidde gjennom teknikkar som blir brukte i verkelegheita. I Bad News skal du lage og spreie falske nyheiter og få så mange følgarar som mogleg.
Person i profil med lang nase der ordet "news" er skrive som del av den lange nasen. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bygg ditt eige imperium på falske nyheiter!

Falske nyheiter og desinformasjon er ei stor utfordring i dagens samfunn. For å avsløre falske nyheiter er det viktig med kritisk tenking og identifikasjon av typiske teknikkar som blir brukte for å spreie usanningar på internett.

I spelet Bad News skal du ikkje ta omsyn til sanning, etikk og fakta. I spelet skal du skape falske nyheiter, spreie desse og gjere kva som helst for å få flest følgarar. Det betyr at du kan provosere, lyge, skremme og jukse for å oppnå målet ditt. Du skal bruke og bli kjend med teknikkar som blir brukte i verkelegheita for å spreie falske nyheiter. Slik vil du bli betre utrusta til å kjenne igjen falske nyheiter på sosiale medium og på internett.

Lærarrettleiing

Spelet tek omtrent 20 minutt.

Det er tilrådd at elevane først speler éin gong. Deretter blir teknikkane frå spelet diskutert i plenum. Elevane bør gjennomføre spelet parvis og diskutere undervegs korleis dei skal handle. Målet med spelet er å gjere elevane bevisste på ulike kjende teknikkar som blir brukte for å spreie desinformasjon, og kor lett det er å manipulere informasjon.

Her kan du laste ned lærarrettleiing frå Medietilsynet:

Filer

Spel Bad News!

Spel Bad News på getbadnews.com.

Oppgåve

  1. Kva trur du motiverer folk til å skape og spreie falske nyheiter?

  2. Lag din eigen falske nyheter-historie (ikkje meir enn 300 ord). Bruk minst tre teknikkar baserte på badges frå spelet for å gjere historia di klikkverdig. Forklar kvifor du valde nettopp desse teknikkane.

  3. Kva har du lært etter å ha spelt Bad News og jobba med oppgåvene?

Til slutt – samanfatt i plenum.

Kjelde

DROG, 2017. Bad News. https://www.getbadnews.com/#intro

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2022

Læringsressursar

Konspirasjonsteoriar og falske nyheiter