Hopp til innhald

Fagstoff

Film i historieundervisninga - andre verdskrigen

Å bruke film i historieundervisninga kan vere ein fin inngang til ulike tema. Her har vi valt å samle forskjellige filmar med handling frå andre verdskrigen. Alle filmane finn du på NDLA film. Det betyr at du kan bruke dei fritt i undervisninga di.
Chaplin med uniformslue og Hitler-bart gjer ei forvriden nazihelsing. På lua og på veggen bak er det hakekrossliknande symbol. Framfor han er det mange mikrofonar. Bak han er det mange folk med liknande luer. Foto.

Litt om bruk av film

Det er mange fordelar med å bruke film i historieundervisninga. Vi veit at mange ungdommar hentar historiepreferansane sine frå spelefilmar og tv-drama, og også frå spel. Dette kan det vere aktuelt å nyttiggjere seg i historieundervisninga. Film kan også gjere det lettare å førestille seg korleis fortida kan ha vore, og kan vere eit utgangspunkt for å få elevane interesserte i ein periode. Det kan òg skape diskusjonar i klassen.

Fleire av kjerneelementa i læreplanen i historie kan passe inn i det å bruke historiske filmar i undervisninga og å tenke på film som kjelde. Historisk empati, samanhengar og perspektiv er eit sentralt kjerneelement i så måte. Vi veit frå forsking og frå lærarar som har jobba mykje med dette, at elevane kan utvikle både historisk empati, kritisk tenking og bli nysgjerrige på historia ved å ha sett film i faget.

Mange av dei heftigaste historiedebattane dei siste åra har dreidd seg om historiske drama og dokumentarar. Det er ein gyllen sjanse til å få elevane til å reflektere over kva som er korrekt historisk sett, og kva grep ein filmskapar tek når hen lagar historiske fiksjonsfilmar.

Hugs at andre verdskrigen alltid er interessant i filmar, og det kjem stadig nye filmar og tv-seriar der krigen er bakteppe.

Nedanfor finnar du ei liste over filmar som vi per i dag har på NDLA film.

Dokumentarfilmar

Blücher - Skipet som forandret Norges historie

Dokumentarfilm frå 2003 om Blücher, skipet som var i front då Hitler angreip Noreg natt til 9. april 1940.

Dømt til å leve

Familien hennar var ungarske jødar. Alle blei sende til Auschwitz under andre verdskrigen. Berre Edith overlevde. Edith Notowicz reiste tilbake til Auschwitz då ho fylte 80.

M/S Donau: deportasjonen av norske jøder til Auschwitz 26. november 1942

I denne dokumentarfilmen fortel Samuel Steinmann historia si om deportasjonen av jødar frå Noreg til Tyskland.

Spelefilmar

Diktatoren

Charlie Chaplin gjer narr av Hitler med morosame parodiar og skap satire. Filmen står igjen som eit modig stikk mot intoleranse og antidemokratiske krefter.

Kongens tale

Prins Albert, som blei Kong George VI, var plaga med stamming. Filmen handlar om hjelpa han fekk mot stamminga, og korleis det hjelpte han då han skulle halde den første radiotalen sin som konge ved opptakten til andre verdskrigen.

Ni liv

Krigsdrama om motstandsmannen Jan Baalsruds flukt frå nazistane under andre verdskrigen. Filmen kom ut i 1957.

Saras nøkkel

Jødiske Sara og familien hennar blir arresterte i samband med den berykta arrestasjonen av jødar i Paris i juli 1942. Ti år gamle Sara rakk akkurat å låse veslebroren inn i eit skap, og prøver komme seg tilbake for å redde han.

The Imitation Game

Basert på Alan Turings vitskaplege krigsinnsats for å avdekke Nazi-Tysklands hemmelege radiokommunikasjon, som var kryptert igjennom den såkalla Enigma-koden.

TV-seriar

Kampen om tungvannet

TV-serie om sabotasjeaksjonane mot Norsk Hydros anlegg på Vemork under andre verdskrigen.

Krigens unge hjerter

Tysk TV-serie som kastar lys over kva andre verdskrigen gjorde med unge tyskarar.

Kortfilm

Min bestemor strøk kongens skjorter

Animasjonsfilm om bestemora til filmskapar Torill Kove som strauk kong Haakons skjorter. Då krigen braut, ut måtte ho stryke uniformene til tyske soldatar. Filmen blei nominert til Oscar for beste korte animasjonsfilm.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 01.01.2024

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda