Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fargeleik og monsterjakt

Har du nokon gong lege i graset og sett opp mot himmelen, på skyene som driv forbi? Har du sett dyr og skapningar i formene til skyene? På same måte skal de no gå på monsterjakt i fargeutprøvingar. De skal samarbeide og lage kollasjar som de stiller ut.
Akvarell i komposisjon med tekst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tips til læraren

Det kan vere lurt å gi elevane del ein av oppgåva, før dei får oppgåveteksten. På denne måten jobbar ikkje elevane målretta med å prøve å lage monster. Då blir fargeleiken friare, og uttrykka gjerne meir unike.

Akvarellmåling på papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • akvarellmåling
  • noko å blande målinga på
  • akvarellpapir i A5-storleik
  • vatn
  • penslar
  • sprayflaske med vatn
  • svart tusjpenn
  • saks
  • lim

Del 1: Leik med fargar

Akvarellark med måling påført med ulike teknikkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du leike deg med måling. Bland ulike fargar og bruk ulik mengde vatn i målinga.

Tips

  • Prøv ut ulike penslar.
  • Mal på vått ark og på tørt ark.
  • Prøv ut måling blanda med mykje vatn og sterkare måling blanda med lite vatn.
  • Hald deg til få fargar eller la målinga tørke, før du legg på eit nytt lag.
  • Sprut og drypp måling.
  • Blås måling utover eller vend på arket, slik at målinga renn.

Kjem du på andre teknikkar?

Byt ark med medelev

De skal samarbeide to og to. Byt ark med partnaren din og hald fram på dette biletet. La målinga tørke.

Akvarellmåling og svart penn på papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Monsterjakt

Vent til målinga er tørr, og studer utprøvingane du og partnaren din har laga. Kan de finne monster eller fabeldyr gøymde der former overlappar kvarandre, eller der fargar har runne nedover arket? Bruk ein svart tusjpenn til å teikne rundt formene. Legg til auge, tentaklar, vorter og linjer der du tykkjer det passar.

Tips

Monster i akvarell montert saman med avispapir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Teikn først med blyant.
  • Snu arket i ulike retningar. Dukkar det opp nye monster då?
  • Hugs at det ikkje finst noko fasitsvar. La fantasi og former styre teikneprosessen.

Byt ark med medelev

Byt på nytt ark med partnaren din. Teikn vidare på monstera eller finn fleire.

Del 3: Kollasj

Kollasj (eller collage) er eit bilete som er sett saman av fleire delar. Vi skal no lage ei utstilling med monsterteikningane. Utstillinga skal få eit heilskapleg uttrykk. For å få til dette skal vi leggje til nokre like element i avispapir og montere dette på A5-ark.

Akvarellar og sirklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  • Klipp ut ei grunnform: sirkel, firkant eller trekant i avispapir. I dette dømet bruker vi sirklar. Då kan det vere lurt å finne ein rund gjenstand du kan teikne rundt og bruke som mal.
  • Lim sirkelen på midten av eit kvitt A5-ark.
  • Vel ut eitt av monstera dine og klipp det nøyaktig ut.
  • Klipp òg nokre mindre sirklar frå fargeutprøvingane og i avispapir.
  • Bli samd med partnaren din om korleis de vil plassere monster og sirklar på arket, før de limer dei på.
  • La monsteret overlappe den største sirkelen.

Samarbeid med klassen om å lage ei fin utstilling.

Akvarell montert saman med sirklar av tekst.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Heidi Spets.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Fargeopplevelse