I denne oppgåva skal de finne ut kva som må til for å oppretta eit Inn på tunet-tilbod på ein gard.
De vil starta eit Inn på tunet-tilbod. Kva må til?
Bakgrunn:
Du og familien din får overta eller kjøpa ein gard med 30 mjølkekyr på bås. Det er berre arbeid til den eine av dykk i mjølkeproduksjonen, men de ønskjer at de begge vaksne kan få jobba der.
De ønskjer meir liv på garden, ikkje berre dyr, men også andre menneske. Begge føler at de har noko å tilføra andre, særleg dei som strevar på skulen, i arbeidslivet eller med ulike helseproblem, unge som gamle. Å starta med eit Inn på tunet-tilbod vil kunna gi dykk begge ein arbeidsplass på garden.
Jobb saman med minst éin annan om desse oppgåvene:
- Kva gruppe menneske (brukarar) vil de ta imot på garden?
- Kva treng de å tilføra garden eller endra på for å kunna gjennomføra dette? Tenk både på dyr, bygningar, maskiner og ting i det naturlege miljøet rundt garden.
- Korleis ser garden ut etter at de har starta med dei nye aktivitetane? Må de byggja på hus, byggja nytt eller forandra på korleis de bruker utearealet, for å kunna utvikla eit Inn på tunet-tilbod?
- Korleis vil de marknadsføra tilbodet dykkar?
- Kven skal betala for tilbodet de gir? (Kven er moglege kjøparar av tilbodet?) Sjekk ut kva ordningar som finst til støtte og liknande for brukarane dykkar.
CC BY-SASkrive av Anita Andersen og Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018