Kva er ein sjølvkostkalkyle?
Ein sjølvkostkalkyle gir ei oversikt over kva det kostar å produsere eit produkt, kva forteneste produktet skal gi, og kva salspris produktet bør få.
I videoen om familiebedrifta Den blinde ku, som produserer og sel ostar, ser vi korleis dei set opp sin sjølvkostkalkyle. I kalkylen tek dei utgangspunkt i alle kostnadene ved produktet. Både direkte og indirekte kostnader må dekkjast. I tillegg legg dei til ei forteneste når dei skal finne utsalsprisen.
Hos Den blinde ku utgjer dei indirekte kostnadene mellom anna mjølk og andre innsatsfaktorar, voks og innpakningspapir. Straum, husleige og løn til dei tilsette er nokre av dei indirekte kostnadene. Dette er kostnader som ikkje kan knytast direkte til produksjonen av ein bestemd ost.
For bedrifter som skal selje produkt, er det avgjerande å tener pengar. Prisar vi produkta våre på ein måte som ikkje dekkjer kostnadene våre, vil vi fort bli nøydde til å leggje ned bedrifta. I verste fall går vi konkurs.
Kalkulasjon | Kostnader |
---|---|
Direkte kostnader | mjølk |
andre innsatsvarer | |
voks | |
innpakkingspapir | |
bereposar | |
utstyr og maskinar til å produsere ostane | |
frakt av varer til butikkane | |
+ indirekte kostnader | straum |
husleige | |
løn til tilsette | |
= sjølvkost | |
+ forteneste | |
= salspris utan meirverdiavgift | |
+ meirverdiavgift | |
= salspris med meirverdiavgift |
Fagomgrep
- Direkte kostnader
- er kostnader som er direkte knytte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
- Indirekte kostnader
- er generelle kostnader hos bedrifta som ikkje kan knytast direkte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
- Produksjonsbedrift
- er ei bedrift som produserer og sel varer.
- Sjølvkostkalkyle
- er ein kalkyle som tek med alle kostnadene, både dei direkte og dei indirekte, i tillegg til ei forteneste.