Hopp til innhald

Fagstoff

Kart og karttypar

I naturbruksnæringane har vi bruk for kart i mange samanhengar. Kart er eit viktig verktøy for sikker ferdsel, men også for planlegging og for å ha oversyn over naturressursar.

Her er døme på nokre situasjonar der vi treng kart:

  • ved navigasjon til sjøs
  • ved ferdsel på fjellet eller i skogen
  • når vi skal planlegge ein park
  • for å få oversyn over eigedomsgrenser
  • når vi skal lage ein gjødselplan
  • når vi skal gjere tiltak på ein skogeigedom

Papirkart og digitale kart

Kart finst både trykt på papir og som digitale kart vi kan få opp på PC, mobil eller på eit navigasjonsverktøy.

Karttypar

Det finst mange typar kart. Kart er laga med ulike føremål. Dei skal nyttast til forskjellige ting, og opplysningane på kartet er tilpassa kva slags type kart det er. Navigering til sjøs krev sjøkart, mens ferdsel på land nyttar andre typar kart. Orienteringskart har mange detaljar og dekkjer eit lite område. Andre kart er laga for å skaffe oversyn over eit større landareal og har færre detaljar teikna inn. Å kjenne til ulike typar kart er nyttig for å kunne finne fram til det beste kartverktøyet.

GIS – geografiske informasjonssystem

Ulike kartlag som ligg over kvarandre. Illustrasjon.

GIS er forkorting for geografiske informasjonssystem. Dette er verktøy som gjer at vi kan knyte informasjon i databasar saman med kart. Mange ulike kartlag kan kombinerast, og ved hjelp av dataverktøy blir det laga temakart.

Dei fleste kommunar har moglegheit for kartinnsyn på heimesidene sine. Der kan vi gå inn og sjå kart knytte til ulike opplysingar som til dømes eigedomsinformasjon eller reguleringsplanar.

Finn ut:

Har heimkommunen din kartinnsyn på nettsida si? Ta ein kikk på ei slik kartløysing og sjå kva slags kart du kan finne der. Finn du noko som kan vere nyttig for naturbruksnæringane?

Diskuter:

Ta utgangspunkt i ei eller fleire naturbruksnæringar de har på skulen:

  • Kva slags kart blir nytta i næringa?
  • Kva blir karta nytta til?
  • Blir det nytta digitale kart, papirkart eller begge delar?
  • Kva er fordelane og ulempene med digitale kart og papirkart? Har dei dei same bruksområda?

Relatert innhald

Kart er eit detaljert og forminska bilete av eit landskap sett ovanfrå. Her skal du få vite meir om kart, målestokk og korleis du kan nytte eit kompass.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2019

Læringsressursar

Bruk av kart, kompass og GPS