Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fritidsfiske i sjøen

I dette arbeidsoppdraget lærer du å bruke nokre vanlege fiskereiskapar for sjøfiske, du lærer namna på nokre vanlege fiskeartar, og du lærer korleis du kan ta vare på fangsten. Vidare lærer du om trygg bruk av båt og får øving i det.
Elevar i robåt viser fram ein fisk dei har fått. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette skal vi gjere:

Mann i turutstyr snakkar gestikulerande om ein stor fisk til kvinne som skal til å handtere ein mykje mindre fisk som ligg på kjøkkenbenken. Illustrasjon.

Før lunsj:

  • Vi fordeler oss på to båtar med fire i kvar båt.
  • Gruppene passar på at alle får prøve seg på alle arbeidsoppgåvene. De hjelper kvarandre eller spør læraren dersom de treng hjelp.
  • Kvar gruppe må ta med nødvendig personleg utstyr, flyndregarn og kveitevad, og gjere båten sjøklar.
  • De skal diskutere og bestemme i gruppene kvar de vil setje fiskereiskapen for å få fisk.
  • Bruk påhengsmotoren til å komme til rett stad. Sett flyndregarn og kveitevad.
  • Sørg for at alle i gruppa får prøve å fiske med stong og handsnøre frå båten.
  • Vi samlast på land, der vi går gjennom punkta 1–8 over og et lunsj.

Etter lunsj:

  • Trekk flyndregarn, ruse og kveitevad.
  • Finn ut av kva fiskeartar vi har fanga
  • Ta eventuelt bilete av dei ulike fiskeartane, slik at dei blir lettare å lære.
  • Ta vare på fangsten.
  • Rydd, vask og fortøy båten.
  • Før vi går heim, samlast vi på kaia, summerer opp det vi har gjort i dag, svarer på spørsmål og gjennomfører eigenvurdering.

Dette treng vi:

  • dagstursekk
  • mat og drikke for å vere ute heile dagen
  • varme klede og joggeskor eller gummistøvlar
  • sitjeunderlag og eventuelt fotoapparat

Lærarane sørger for flytevestar, drivstoff til båten, fiskestenger, handsnøre, fem ruser med leiegarn (sette ut på førehand), flyndregarn, kveitevad (line med store anglar).

Etter denne økta kan du

  • gjere greie for krava til sikkerheitsutstyr i småbåt og sjekke om det er på plass
  • gjere båten sjøklar (ta sikkerheitssjekk, sjekke drivstoff, lense båten, laste båten forsvarleg)
  • fylle på rett type drivstoff og starte påhengsmotoren
  • føre båt med påhengsmotor trygt, også ved setjing og haling av utstyr og ved anløp til kai
  • forklare kva som kjenneteiknar eit flyndregarn, og kva vi bruker det til
  • forklare kva som kjenneteiknar ein kveitevad, og kva vi bruker han til
  • forklare kva som kjenneteiknar ei (torske-)ruse, og kva vi bruker ho til
  • setje flyndregarn og torskeruse, og diskutere alternative fiskeplassar for dette utstyret
  • dra opp ei ruse og tømme og reinse ho slik at ho er klar til å setjast ut på nytt
  • eventuelt trekke flyndregarn og reinse det
  • trekke kveitevad og ta vare på fangsten, reinse anglane for agn og kveile opp kveitevaden på nytt
  • forklare kva artar klassen fanga i dag, og kva dei kan brukast til
  • føre båten på ein måte som tek omsyn til straum og vind, vêr, botnforhold og tidevatn
  • tilpasse påkledninga etter vêr og aktivitet
  • bruke handsnøre og fiskestong med sluk
  • ta vare på fangsten (bløgge, sløye og vaske, og du har eventuelt øvd på å filetere)
  • rydde og vaske båten når turen er over
  • fortøye båten på ein forsvarleg måte

Vurdering

Last ned skjemaet "Eigenvurdering: Fritidsfiske i sjøen" og gjer eigenvurdering.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø og Robert Skarpnes.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Fritidsfiske