Hopp til innhald

Fisk steikt på fjøl

Filetér fisken
Fest filétene m/stift, spiker eller hyssing på ei fjøl.
Strø pepper, salt evt. anna krydder på filétene.
La dei liggje i 10-15 min og godgjere seg før steiking.

Steiking
Hald fjøla inntil varmen, dei tjukkaste fiskesidene nærast varmen.
Ta små pauser i steikinga slik at fisken ikkje blir brent, og held på fiskesafta.
Stikk i fiskekjøtet med ein gaffel for å sjå når den er gjennomsteikt.
Et fisken som den er, eller på brødskive. Rømme evt. majones smakar godt til.

CC BY-NC-SASkrive av Jan Bolle og Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Hausting av nyttevekstar