Bruk materiale frå planteriket til å lage tredimensjonale moteteikningar. La deg inspirere av fargar, former og tekstur, og design nye antrekk.
Edgar Artis
Edgar Artis har studert Fashion design and technology ved IFA Paris. Han lagar tredimensjonale moteteikningar ved å bruke materiale frå eit vanleg hushald. Han ønskjer å inspirere andre ved å vise fram venleiken i daglegdagse ting.
Botaniske materiale
Botanikk er læra om plantene. I denne oppgåva skal du bruke materiale frå planteriket.
Lag moteteikningar ved å bruke botaniske materiale
- La deg inspirere av arbeida til Edgar Artis i videoen over.
- Bruk kroppsmalane du finn i vedlegget som utgangspunkt, eller teikn dine eigne. Her kan du velje visualiseringsteknikkar som du har tilgjengeleg (til dømes akvarellmåling eller fargeblyantar).
- Bruk fantasien og eksperimenter med botaniske materiale. Du kan omarbeide dei som du vil, til dømes rive, klippe, skjere, rulle, flette, tvinne eller knuse dei.
- La deg inspirere av fargar, former og tekstur. Tenk klesdesign og lag antrekk på kroppane.
- Ta bilete av dei tredimensjonale teikningane og set dei inn i ein presentasjon.
Filer
Kjelder:
Moore Z. (2018). This fashion illustrator makes masterpiece sketches out of food, plants and more. Henta 20. mars 2020 frå https://www.goodmorningamerica.com/style/story/fashion-illustrator-makes-masterpiece-sketches-food-plants-56540963
CC BY-SASkrive av Siv Engen Heimdahl og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020