Hopp til innhald

Fagstoff

Ytre og indre salsmiljø

Butikken blir utforma med tanke på å auke salet og fortenesta. Saman med plassering og utval av varer påverkar miljøet korleis kundane opplever butikken. Korleis kan vi skape eit ytre og indre salsmiljø som treffer målgruppa?

Butikken

Butikken er ein del av marknadsføringa. Fasaden skal trekkje kundane inn i butikken, mens interiøret skal få kundane som er i butikken, til å kjøpe meir. Det er viktig at butikkmiljøet passar til målgruppa. Vi deler inn i ytre og indre salsmiljø. Dette påverkar korleis kundane opplever butikken.

Ytre salsmiljø

Det ytre salsmiljøet er det kunden møter på utsida av butikken. Det består av plassering, fasaden, inngangspartiet og utstillingsvindauga.

Indre salsmiljø

Det indre salsmiljøet er det kunden møter inne i butikken. Det består av innreiing, lys, reinhald og orden, vareplassering og personale.

Kjøkenutstyr på utstilling i butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tiltak i ytre og indre salsmiljø

Vi må finne ut kva for tiltak vi skal gjere i det indre og ytre salsmiljøet for å fremme profilering og auke salet. Korleis kan vi skape eit miljø som treffer målgruppa?

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Salsmiljø