Havboka av Morten Strøksnes og "Til jorden" av Rolf Jacobsen
Synstolking av videoen
Filmen startar med å filme over vatn med isflak. Måkeskrik høyrest. Deretter blir kamera flytta under vatn, og ei håkjerring blir filma på nært hald. Kameraet følgjer håkjerringa som svømmer rundt under overflata.
Kva er eigentleg ei håkjerring? Sjå videoen over for å sjå håkjerringa i det naturlege habitatet sitt: havet.
Del 1: Havboka
Les utdrag frå Havboka (2015) av Morten Strøksnes under. Svar på desse spørsmåla:
Kva fortel utdraget om kvifor Hugo og eg-personen har så lyst til å jakte på håkjerring?
Korleis synest du utdraget framstiller forholdet mennesket har til havet? Og kva seier det om korleis vi behandlar dyr? Grunngi ved å vise til tekstsitat.
Kva sjanger vil du seie at dette utdraget tilhøyrer?
Legg merke til blandinga av personleg historie og vitskaplege fakta. Kva funksjon meiner du dette har?
Del 2: Havboka på scena
I 2020 sette Riksteatret opp Havboka på scena. Oppsetjinga er filmatisert, og du kan sjå ho med Feide-innlogging på Applaus Scene.
Sjå oppsetjinga.
Jobb individuelt og svar på desse spørsmåla etter å ha sett stykket:
Kva synest du er det viktigaste temaet eller den viktigaste bodskapen i stykket?
Kvifor trur du stykket er sett opp slik at vi mesteparten av tida møter skodespelaren Jan Sælid som speler ei håkjerring, mens vi møter han som menneske gjennom ein skjerm?
Korleis synest du samspelet mellom menneske og håkjerring er i stykket?
Det er ganske tydeleg at stykket viser sympati med håkjerringa spesielt, og dyr og hav generelt. Kva verkemiddel blir brukte for å få til dette, meiner du?
I grupper
Samanlikn og diskuter svara dykkar på oppgåvene over.
I plenum
Diskuter:
Kva meiner de er formålet med sakprosaboka Havboka?
Kva verkemiddel blir brukte i teaterstykket som ikkje ei sakprosabok kan bruke?
Sjå videoen av dei to nordmennene som fangar håkjerring (øvst) éin gong til. Har nokon av dykk skifta meining om bragdene til mennene etter å ha lese utdrag frå Havboka og sett stykket med same namn? I så fall: kvifor / kvifor ikkje?
Del 3: Samanlikn Havboka med "Til jorden" av Rolf Jacobsen
Skriv ei samanlikning av Havboka og diktet "Til jorden" av Rolf Jacobsen. Du finn diktet i Rolf Jacobsens Samlede dikt på Nasjonalbiblioteket
Legg vekt på:
Kva er tema/bodskap i tekstane?
Kva verkemiddel blir brukte for å formidle temaet og bodskapen?
I kva kontekst kom verka ut?
Bruk gjerne videoen under som inspirasjon til korleis du kan setje opp samanlikninga di.