Lag olympisk genserdesign til Milano Cortina 2026
Noreg har hatt eigne strikkegenserar til OL og VM sidan 1956. I 2026 skal vinter-OL bli arrangert i Nord-Italia. Lag forslag til korleis designet på OL-genseren i 2026 skal sjå ut. Kva element frå norsk strikketradisjon vil du bruke? Skal dekoren få inspirasjon frå italiensk kultur?
Designprosess
- Finn bilete av tidlegare OL-genserar og lag eit moodboard. Skriv gjerne ned stikkord om element som du meiner går igjen.
- Lag minimum tre ulike skisser til nytt design på OL-genseren 2026 der du vektlegg element og fargar som du vil bruke.
- Teikn designet du bestemmer deg for å bruke, for hand eller på data. Bruk fargar, og ver nøye med presentasjonen.
- Presenter forslaget ditt for klassen. Sei noko om kva som inspirerte deg, og kvifor du har tatt dei ulike vala undervegs.
- Heng opp dei ulike forslaga i klasserommet og sjå på dei saman. Er det element og fargar som går igjen? Er det noko som skil seg ut?
Relatert innhald
Nettside hos issuu.com
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2022