Sneakers har gått frå å vere ein subkultur til å bli allemannseige. Filmen Sneakersheadz viser korleis mote- og reklamebransjen henta inspirasjon frå hiphop- og skate-kulturen for å nå ut til målgruppa med skorne dei sel.
A Til refleksjon og diskusjon i tema trend:
- På kva måte er sneakers trend?
- Hva kjenneteiknar utviklinga av sneakers som trend?
- Innanfor kva for stilretningar kan ein plassere sneakers?
- Kor viktig er dine par sneakers for deg? Gi eit utdjupande svar.
- Spør ein person som vaks opp på 80–90-talet, om han eller ho hugsar dei første sneakersane sine, og kva for kjensler han eller ho hadde for desse skorne.
B Til refleksjon og diskusjon i tema marknadsføring:
- Beskriv kva som er typisk for marknadsføringa av sneakers slik ho blir beskriven i filmen.
- Beskriv kva som er typisk for marknadsføringa av sneakers slik du eller de opplever ho i dag.
- Diskuter fleire løysingar for korleis de tenkjer dykk sneakers skal marknadsførast i 2050. Ta med i vurderinga kjennskap til valdsbruk i USA, ein utvida og global marknad, og at Internett finst også i framtida. Moglegvis inneheld dessutan skorne i framtida avansert teknologi?
- Presenter løysingane for klassen, saman med ei skisse til ein marknadføringsplan og idear til medieprodukt som kan brukast i marknadsføringsarbeidet.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2018