Hopp til innhald

Fagstoff

Profesjonell kommunikasjon om fargar

Sjølv om vi snakkar om same fargenamn, kan vi ha ulik oppfatning om korleis denne fargen ser ut. I fleire ulike yrke må vi kunne beskrive fargar presist. Då brukar vi ulike fargesystem.
Kvinne med fargekart framfor ansiktet. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøyaktig kommunikasjon om fargar er viktig i alt arbeid med fargesetting, uansett bransje og bruksområde. Du må kunne beskrive fargar presist i dialog med medarbeidarar og oppdragsgivarar. Då må du lære deg fagorda. Ein farge kan beskrivast ut frå eigenskapar som kulør, metting og valør.

Ver merksam på at når du snakkar med ein kunde som ikkje kjenner fagorda, må du tilpasse språket slik at kunden forstår kva du meiner.

Fargesystem

Ulike bransjar har behov for ulike fargesystem. Mediefag brukar gjerne CMYK og RGB, mens interiør og malefag brukar NCS. Fargesystema kan brukast både av fagfolk og forbrukarar.

CMYK og RGB

CMYK og RGB er to motsette fargemodellar som baserer seg på enten pigmentfargar eller lysfargar. CMYK er laga på grunnlag av fargar som skal trykkast og RGB er lysfargar på skjerm. Systema har namn etter fargane de brukar som grunnfargar.

Fargeprøvar i raud og lilla-tonar. Foto.

Det naturlege fargesystemet (NCS)

NCS er eit kommunikasjonssystem for fargar som byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Systemet blir brukt i fargehandelen. Fargekodar gjer at vi kan snakke om same farge utan misforståingar. Systemet kan også hjelpe oss til å finne fargar som passar saman.






CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2019

Læringsressursar

Fargar og kommunikasjon