Filmdetaljar
År: 2017
Varigheit: 1 time og 30 minutt
Regi: Yvan Attal
Skodespelarar: Camélia Jordana, Daniel Auteuil, Yasin Houicha, Nozha Khouadra, Julia Malinbaum, Nicolas Vaude, Jean-Baptiste Lafarge, Virgil Leclaire
Originaltittel: Le Brio
Land: Frankrike
Om filmen
Filmen følger hovudkarakteren Neila Salah, spelt av Camélia Jordana, som bur med mora si i ein forstad utanfor Paris. Neila blir kalla "franskgeniet" av vennene sine, og ho skil seg ut som den einaste i gjengen med ambisjonar om å ta høgare utdanning.
Filmen byrjar idet Neila startar juss-studia ved det prestisjetunge Panthéon-Assas-universitetet i Paris. Innvandrarbakgrunnen hennar blir ei kjelde til utfordringar, spesielt når ho møter ein av professorane på universitetet.
Filmen dykkar inn i Neilas møte med fordommar og rasisme innanfor universitetssystemet, og han kan vere relevant når de skal jobbe med folkehelse og livsmeistring eller retorikk i klasserommet.
Retorikk-konkurranse
Neila får ein dårleg start på universitetet då ho kjem for seint til si første forelesning med den berykta professoren Pierre Mazard.
Han audmjukar ho framom dei andre studentane og bruker innvandrarbakgrunnen hennar som eit argument mot ho. Opptrinnet blir filma og delt på Facebook, og i kjølvatnet av hendinga vil fleire studentar få Mazard avsett.
Seinare lagar Mazard og ein universitetsleiar ein plan for å redde karrieren hans. Dei bestemmer seg for å få Neila til å delta i ein prestisjetung retorikk-konkurranse, der Mazard vil trene ho. Målet med dette er å unngå rasismeklagane og sikre den framtidige karrieren hans ved universitetet.