Hopp til innhald

Fagstoff

Overgangen til eit jordbrukssamfunn

For omtrent 10 000 år sidan begynte den endringa som framleis i dag vert rekna som ei av dei aller viktigaste i menneska si historie. Etter å ha levd av jakt og sanking i over 100 000 år, begynte nokre å utforske korleis naturen kunne manipulerast til å “levere” det folk trengde for å leve.
Bonde måla i gamal egyptisk stil som trekkjer ein plog bak to oksar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jordbruket gjorde at folk kunne slutte å flytte rundt for å sanke nyttevekstane dei trengde, og heller dyrke det der dei budde.

På same måte som folk begynte å dyrke jorda, begynte dei og å ta kontroll over dyr. I utgangspunktet var naturlegvis alle dyr ville. Men dyra kunne gjerdast inn og temjast, og sikre tilgangen på kjøt og mjølk til mat, og hud til klede og utstyr.

Lokalsamfunn

Denne endringa var svært viktig for utviklinga av menneskesamfunn. Ikkje berre gjorde det at menneske ikkje måtte flytte rundt. Det førte til at dei kunne byggje opp lokalsamfunn. Frå å vere reisande med stadig skiftande omgivnader og nabotilhøve, kunne folk no byggje opp ein identitet knytt til garden og lokalsamfunnet dei budde i. Dei kunne samarbeide med naboar om gardsdrift, forsvar, og styre og stell i det nye samfunnet sitt. Overgangen til jordbruk gjorde også at folk kunne samle opp mykje meir eigedom enn tidlegare. Tidlegare kunne ikkje ein stamme eige meir enn dei kunne frakte med seg. No var det råd å samle opp rikdom, noko folk gjorde gjennom generasjonar (jamfør det gamle idealet om å overlate garden vidare til neste generasjon - i betre skikk enn ein sjølv overtok den). Då vart også handel viktigare, og det vart viktig å forsvare eigedomen sin mot røvarar.

Jordbruksrevolusjon?

Vanlegvis nyttar vi ordet revolusjon om brå og store samfunnsendringar. Overgangen til jordbruk blir ofte kalla ein «jordbruksrevolusjon». Endringane var svært store, men det kan diskuterast om vi kan kalle dei brå.

Jordbruket starta i området vi kallar « » for ca. 10 000 år sidan, men nådde ikkje Nord-Europa før 6000 år seinare.

Den fruktbare halvmåne i midtausten i den eldste oldtida. Illustrert gjennom utbreiinga av skogsdekke samt dei viktigaste arkeologiske funnstadene med busetting før 7500 f.Kr. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det spreidde seg likevel raskare langs aust-vest-aksen enn nordover og sørover. Det kan forklarast med at land som ligg rett aust eller vest for kvarandre, deler klimasone. Dermed kan dei dyrke dei same plantene, og dei kan drive handel med frø og dele kunnskap om dyrking av dei. Dette har også vore brukt som forklaring på kvifor denne utviklinga skjedde fortare på det Eurasiatiske kontinent enn i Afrika, og særleg Amerika, som har utstrekning i Nord-Sør-retning.

Relatert innhald

Jordbruksoverskotet opna for at nokre i samfunnet kunne spesialisere seg, og det la grunnlaget for yrke og ein pengeøkonomi.

Gjennom det meste av menneska si historie har folk levd som jegerar og sankarar.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 13.09.2017

Læringsressursar

Å skaffe mat og bruke naturressursar