Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: fordeling og legitimering av makt

Makt er eit sentralt omgrep når ein skal forstå historie. I mellomalderen var det først og fremst kongane, adelen og kyrkja som hadde makt i Europa. Maktforholdet mellom desse endra seg stadig, og i tillegg vaks det fram ei ny samfunnsgruppe som kravde meir plass: borgarskapet.
Portrett av kong Ludvig 14. av Frankrike, som regjerte frå 1643 til 1715. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje læreplanen skal du kunne vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå mellomalderen til og med tidleg nytid. Her får du ei oversikt over desse endringane og ei innføring i sentrale omgrep knytte til makt. Men først må vi klargjere kva periode og kva for eit geografisk område dette temaet dreier seg om.

Avgrensing i tid og rom

Perioden frå mellomalderen til tidleg nytid i Europa varer frå ca. 500 e.Kr. til ca. 1750. I Noreg startar mellomalderen først på 1000-talet. Mellomalderen og tidleg nytid er periodar som er spesielt knytte til Europa, og når vi skal sjå på fordeling og legitimering av maktforhold i denne perioden, handlar det først og fremst om interne forhold i Europa. Andre delar av verda har i denne samanhengen først og fremst betydning i samband med koloniseringa som starta på 1500-talet og fekk innverknad på maktforholdet mellom europeiske land. Dei som hadde koloniar med viktige ressursar, fekk meir økonomisk makt.

Kven hadde makt i mellomalderen?

Konge og adel

Interne maktforhold kunne variere frå land til land, men dei fleste europeiske landa hadde i heile denne perioden kongar som sat med den øvste statlege makta. I mellomalderen var kongane i stor grad avhengige av støtta til adelen. Adelen var ein overklasse med jordeigarar som arva den adelege tittelen sin. Adelen var òg ein krigarklasse som skulle vere til disposisjon for kongen, og i tillegg skulle dei verne bøndene som dreiv jorda dei eigde. Denne organiseringa av samfunnet blir kalla føydalisme. Mange stader hadde kongen eit råd av høgtståande adelsmenn som var med på alle store avgjerder. I Noreg hadde vi til dømes eit riksråd. Ei slik styreform der adelen har mykje makt, blir gjerne kalla eit adelsvelde.

Kyrkja

Den katolske kyrkja med paven i Roma som øvste leiar hadde mykje makt i mellomalderen. Kyrkja var ein organisasjon som gjekk på tvers av landegrenser i Vest- og Mellom-Europa. Perioden var prega av mykje konflikt mellom konge- og kyrkjemakt, men dei kunne òg styrkje makta til kvarandre når dei samarbeidde. Som regel sat mennene til kyrkja òg i rådet til kongen.

Viktige endringar

Svartedauden

Svartedauden på midten av 1300-talet fekk store konsekvensar for maktforholda i Europa. Først og fremst var det ein katastrofe for mange i adelen, som mista mykje av inntektsgrunnlaget sitt, og ein del av dei måtte sjølv bli bønder. Kongane erstatta dei adelege riddar-krigarane med soldatar som gjekk til fots, og slik vart dei meir uavhengige av adelen og fekk dermed òg meir makt. I fleire land vart kongane eineveldige. Det vil seie at dei styrte åleine, uavhengig av eit råd.

Reformasjonen

Reformasjonen på byrjinga av 1500-talet betydde slutten på monopolet på religion som den katolske kyrkja hadde i Vest- og Mellom-Europa. Kyrkja vart splitta, og i dei områda som braut med den katolske kyrkja, vart kyrkja underlagd kongen. Den katolske kyrkja og paven hadde framleis ein del makt i dei områda som vart verande katolske.

Borgarskapet

I løpet av perioden vaks borgarskapet fram som ei stadig større og mektigare samfunnsgruppe. Borgarskapet bestod av folk som tente pengar på handverk eller handel. Spesielt handelsmenn kunne bli rike og mektige. Dette var ei utvikling som starta allereie i mellomalderen då byane i Europa vaks og handelen auka. På 1700-talet byrja denne nye middelklassen mange stader å krevje fleire rettar og meir makt. Borgarskapet vart viktig i dei politiske revolusjonane som oppstod på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet.

Viktige omgrep

Makt

Makt vil seie at ein har evna og moglegheita til å få andre til å gjere som ein vil, òg viss det ein vil dei skal gjere, er noko dei elles ikkje ville ha gjort. Det kan til dømes vere at kongen krev skatt frå folket.

Legitimering av makt

Legitimering av makt er å grunngi kvifor nokon skal ha makt. Ein kan til dømes legitimere makta si ved å påstå at ein har fått ho frå Gud eller ved at ein er valt av folket.

Økonomisk makt

Det å ha økonomisk makt handlar om å ha ressursar til å gjennomføre det ein vil. Det kan vere snakk om tilgang til naturressursar eller innkrevjing av skattar. Det handlar òg om makt til å fordele ressursane i samfunnet. Økonomisk makt er ofte ein føresetnad for militær makt. I mellomalderen og tidleg nytid måtte til dømes kongane stadig krevje høgare skattar for å finansiere krig.

Fysisk / militær makt

Fysisk makt er å bruke vald eller truslar om vald for å gjennomføre det ein vil. Styresmaktene i eit land kan bruke dette mot sine eigne innbyggjarar gjennom fysisk straff knytt til lovbrot eller ved å bruke militær makt mot opprør.

Militær makt forbind vi kanskje mest med det å erobre nye område eller å forsvare seg frå andre. Militær makt har òg vorte brukt til å overta makta gjennom kupp og til å drive krig internt (borgarkrig). Krig har òg vore ei viktig kjelde til økonomisk makt gjennom plyndring og erobring av område med viktige ressursar. Krig var til dømes ei viktig inntektskjelde for adelen i mellomalderen, sidan plyndring var ein viktig del av krigføringa.

Ideologisk makt

Ideologisk makt er makt over tankar, verdiar, kjensler og sjølvoppfatning. Vi kan seie at det handlar om å kunne påverke eller overtyde andre utan å bruke økonomisk eller militær makt. Historisk har religion spelt ei stor rolle i ideologisk makt. Religiøse bod, ritual og førestillingar om straff eller løn etter døden har verka sterkt inn på folks åtferd i heile perioden. Derfor har kyrkja hatt spesielt mykje ideologisk makt.

Ideologisk makt heng òg ofte nært saman med legitimering av makt, sidan legitimering av makt gjerne handlar om å overtyde andre om at ein har rett til makt. Slik kunne konge og kyrkje dra nytte av kvarandre ved at det var kyrkja som innsette kongen, mens kongen lova å verne verdiane og interessene til kyrkja. Kongen vart då sett på som "konge av Guds nåde", som var den sterkaste legitimeringa av makt som nokon kunne ha.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2021

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt