Hopp til innhald

Fagstoff

Sikkerheitsdatablad

Datablad for helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktige dokument for å bli kjend med faremoment ved ulike stoff. Eit HMS-datablad er eit dokument på 16 punkt. Det skal innehalde informasjon om farlege eigenskapar ved ein kjemikale og tilrådde vernetiltak.

Datablada skal vere skrivne på norsk, kortfatta og lett forståelege. Det skal stå klart opplyst når databladet er utarbeidd.

Det er viktig at sikkerheitsdatablada blir nytta aktivt i verksemda i arbeidet med å

  • kartleggje kva for kjemikaliar som blir nytta
  • risikovurdere kjemikalia
  • setje i verk nødvendige vernetiltak

Sikkerheitsdatablad skal alltid vere til stades

Den som framstiller, importerer eller leverer kjemikaliar, har plikt til å leggje ved sikkerheitsdatablad ved første gongs levering og ved seinare endringar av databladet. Sikkerheitsdatabladet kan sendast elektronisk. Verksemder som kjøper kjemikaliar i butikk/detaljhandel, skal få sikkerheitsdatabladet der dei kjøper kjemikaliane, når dei ber om det.

Arbeidsgivaren skal ha sikkerheitsdatablad for farlege kjemikaliar som blir nytta i verksemda. Det skal vere papirkopiar tilgjengelege for arbeidstakarane og verneombod sjølv om stoffkartoteket finst i elektronisk form. Arbeidsgivaren skal utarbeide informasjonsblad for helsefarlege kjemikaliar som det ikkje krevst sikkerheitsdatablad for.

Eit døme på eit datablad for reingjeringsmiddel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor sikkerheitsdatablad?

Sikkerheitsdatablada skal setje dei som jobbar med eller i nærleiken av farlege kjemikaliar, i stand til å sikre seg slik at ingen blir sjuke eller skadde.

Informasjonen gjer det mogleg å

  • setje i verk nødvendige tiltak for å vareta helsa og sikkerheita på arbeidsplassen og for det ytre miljøet
  • sikre riktig avfallsbehandling og å oppfordre brukaren til å finne mindre skadelege kjemikaliar
  • sikre trygg handtering, lagring og avhending av kjemikaliane og å gi informasjon om tiltak ved utilsikta utslepp

Kontroll av innhaldet i sikkerheitsdatablad

Det er viktig å etablere rutinar som sikrar at datablada har tilfredsstillande kvalitet, og at dei oppfyller dei krava til innhald og kvalitet som regelverket stiller.

I rutinane må det komme klart fram kven som

  • har ansvaret for å kontrollere sikkerheitsdatablad for nye kjemikaliar når desse blir tekne i bruk
  • sikrar at sikkerheitsdatablada er ajourførte
  • innhentar manglande opplysningar frå produsent/importør/leverandør dersom sikkerheitsdatablada er mangelfulle

Feil i sikkerheitsdatabladet

Dersom du finn eit sikkerheitsdatablad på arbeidsplassen som du trur inneheld feil, bør du først spørje arbeidsgivaren om verksemda har fått eit nyare datablad. Dersom de ikkje har det, bør arbeidsgivaren kontakte den som har levert kjemikalien, og spørje om dei har nyare utgåver av sikkerheitsdatabladet.

Ofte kan det vere vanskeleg å vurdere om eit sikkerheitsdatablad er godt nok. Då kan bedriftshelsetenesta vere til hjelp, både i sjølve vurderinga og i kontakten med den som har levert sikkerheitsdatabladet. Ta kontakt med Arbeidstilsynet dersom de ikkje når fram overfor produsenten/importøren/leverandøren.

CC BY-NC-SASkrive av Egil Eikvil.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020

Læringsressursar

HMS, ergonomi og verneutstyr