Hopp til innhald

Fagstoff

Storbritannia

Hello! Storbritannia utgjer ein stor del av dei britiske øyane, og sjølv om det kanskje ikkje først og fremst er matkulturen vi forbind med det britiske, finn vi òg her ei rekke spennande retter og mattradisjonar.
Storbritannias flagg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det britiske kjøkkenet

Befolkninga i Storbritannia og Nord-Irland er etterkommarar av keltarar, skandinavar, angelsaksarar, romarar og normannar, og derfor finn vi her mattradisjonar med trekk frå alle desse matkulturane.

På grunn av Storbritannias historie som ei kolonimakt over store delar av verda i The British Empire, har den britiske maten òg gradvis vorte påverka og inspirert av krydder, smakar og teksturar i mat i andre land. Det er eit stort multikulturelt mangfald i Storbritannia i dag, og tikka masala-retten med indiske røter er eit godt døme på korleis britane har teke til seg og tilpassa seg ulike kulturar og påverknader. I dag ser mange på tikka masala som like britisk som nasjonalretten fish and chips.

Frukost

English breakfast er namnet på ein rett snarare enn namnet på eit måltid. Denne britiske retten blir servert over heile landet med både nasjonale og regionale variasjonar. Retten består vanlegvis av egg, bacon, pølser av svinekjøtt, steikt brød, sopp og bønner i tomatsaus. Mange stader får du òg steikte tomatar, hash brown og black pudding som ein del av retten. Med unntak av bønnene er alle ingrediensane steikte. I dag er det mange pubar og kaféar som serverer retten heile dagen, saman med te eller kaffi og toast med smør og syltetøy.

Ein engelsk frukosttallerken med steikte egg, bacon, blodpølse, toast, steikt sopp, tomat og tomatbønner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Te

I Storbritannia er te veldig populært, og britane har eit spesielt måltid som blir kalla afternoon tea. Te vart introdusert til landet rundt 1660, men den berømte afternoon tea vart ikkje vanleg før på 1800-talet. Rundt 1840 syntest Anna, hertuginna av Bedford, at det var for lenge mellom lunsj og middag og bad om å få eit brett med te sendt opp til seg, og dette spreidde seg. I 1880 var det vanleg at overklassekvinnene pynta seg for å nyte sin ettermiddags-te. Dette måltidet vart servert med flott danderte kaker, kjeks, scones og påsmurte smørbrød, mellom anna det kjende agurksmørbrødet.

No for tida er ettermiddags-te gjerne ei kanne med te og nokre enkle kjeks, men vi kan framleis få ein meir luksuriøs afternoon tea til dømes på restaurantar og hotell.

Walisisk og skotsk mat

Maten til dei ulike nasjonane i Storbritannia er relativt lik og har same grunnprinsipp. Dette kjem av år med nær kontakt og som eit sameina kongerike.

I Wales nyttar dei gjerne kjøtt som ikkje er så vanleg å ete overalt, som sau og kanin. Dei nyttar òg mykje lammekjøtt. Wales kan òg tilby eigne spesialitetar som bara brith: fruktkake med te og glamorgan sausage: vegetariske pølser med ost. I tillegg har dei noko som blir kalla Welsh rarebit. Dette er ein ostemasse som blir helt over rista brød og gratinert. Før vart denne retten kalla Welsh rabbit, men han vart så heitande rarebit, sidan han ikkje inneheld kaninkjøtt.

Skottlands mat inneheld mykje kjøtt, grønsaker og sjømat. Her byr dei òg gjerne på viltkjøtt. Elles har Skottland sine spesialitetar å komme med, men mest kjend er vel nasjonalretten haggis, som består av hakka innmat av får, som blir kokt i dyret sin eigen magesekk med havremjøl, feitt, krydder og lauk.

London

Hovudstaden i Storbritannia! Pubmat er ein stor tradisjon både i London og i resten av Storbritannia. Det finst tusenvis av pubar, og britane er kjende for sin hyggelege pubkultur. Det er vanleg å møte venner eller familie for å innta ein "pint" eller "ale", litt enkel underhaldning eller ete eit uformelt måltid. Porsjonane på dei lokale pubane pleier å vere store. Men om ikkje dette er nok, kan London by på Michelinstjernemat på historisk vis. Heston Blumethal, Gordon Ramsey og Jamie Oliver er kjende britiske kokkar som verkeleg har sett Storbritannia på matkartet!

Kjelder

Basiskmat. (2020, 13. juni). Britisk mat. Henta 5. mars 2021 frå https://basiskmat.com/britisk-mat/

Johnson, B. (u.å.). Afternoon Tea. Historic UK. Henta 4. mars 2021 frå https://www.historic-uk.com/cultureuk/afternoon-tea/

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås, Jannike Gausdal og Tore Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Internasjonal matkultur