Hopp til innhald

Fagstoff

Flambering

Flambering vil seie å brenne av ein rett. I denne videoen får du sjå korleis du kan flambere banan.

Mise en place

Når du skal flambere, er det svært viktig at mise en place er ordna ordentleg. Samarbeid med kokk eller ein annan servitør er òg viktig.

Finn fram alt du treng til flamberinga: lighter/tennar, banan, sukker, smør, jus, likør, brennevin, handserviett, gripebestikk, tallerken, eventuelt réchaud og ein halv appelsin.

Alt ein treng til flambering, er lagt opp på benken ved sida av steikjepanna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppskrift på flambert banan

  • 1 banan

  • 1 ½ ms sukker

  • 30 g smør

  • 2 cl pressa appelsinsaft eller jus

  • ein halv appelsin eller sitron til å røre med

  • 1 cl Cointreau eller Grand Marnier

  • 1 cl konjakk

Framgangsmåte

  1. Karamelliser sukkeret i flamberingspanna.

  2. Tilset smøret og smelt det.

  3. Rør saman sukkeret og smøret med ein halv appelsin/sitron.

  4. Deglaser forsiktig med pressa appelsinjus.

  5. Rør igjen med den halve appelsinen/sitronen.

  6. Legg i bananen og vend i sausen. Varm dette til bananen blir litt mør. Aus over saus.

  7. Tilset likøren.

  8. Flamber bananen med konjakk.

  9. Legg opp på tallerken, server med is eller krem.

Vi nyttar same framgangsmåte på bær og frukt. Vi kan nytte andre likørar som passar betre til frukta/bæra, til dømes moltelikør til molter.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Hege Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Serveringsteknikkar