Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Smak på te

I denne oppgåva skal de bli kjende med ulike sortar te ved å arrangere tesmaking i klassen og eventuelt lage dykkar eigen urtete.
Ei svart tekanne står på ei brikke med japanske teikn. To koppar står ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette treng de

  • Svart te, ein eller fleire variantar

  • Grøn te, ein eller fleire variantar

  • Oolong-te, ein eller fleire variantar

  • Tekoppar

  • Kjele eller vasskokar til å koke opp vatn

  • Smaksskjema og noko å skrive med

Sjå, lukt og smak på teen

Brygg dei ulike sortane med te, anten i ein kjele eller direkte i koppar. Tid og temperatur avheng av tesort, les om anbefalt tillaging på pakninga.

Alle elevane i klassen skal ha ein kopp av kvar sort med te. Noter i kvart dykkar smaksskjema etter kvar te de har smaka på.

  • Sjå på teen, kva farge har han?

  • Lukt på teen, kva luktar han?

  • Smak på teen mens de held dykk for nasen, korleis synest de han smakar?

  • Smak så på teen utan å halde dykk for nasen, korleis smakar han no?

  • Etter at de har smaka på all teen, kva for ein likte de best?

Smaksskjema te
Tesort Farge Lukt Smak

Oppgåve 2: Smak på te med ulik trekkjetid

I denne oppgåva skal de bryggje svart te med ulike trekkjetider for å sjå om det er nokre forskjellar i smak etter kor lenge teen har trekt.

  • Trekk ein kopp svart te i 2 minutt.

  • Trekk ein kopp svart te i 5 minutt.

  • Trekk ein kopp svart te i 8 minutt.

Smak på alle koppane, er det nokon forskjell i smak?

Oppgåve 3: Lag dykkar eigen urtete

Lag dykkar eigen urtete i klassen ved å plukke ulike typar blad og urter i skulen sitt nærområde eller ta med heimanfrå. Denne oppgåva passar best å gjere om våren.

Urter og blad som eignar seg: blad frå bringebær, solbær, nype, jordbær, blåbær, tyttebær, brennesle, løvetann, mynte, sitronmelisse, hylleblom, kamille, timian, salvie og rosmarin, og granskot.

De kan nytte blada ferske eller tørke dei. Blada bør tørkast kvar for seg i ein omn over natta på 40 °C, i ein dehydrator eller ved å hengjast opp til tørk. Når blada er tørka, kan dei knusast i litt mindre bitar og eventuelt bli blanda. Oppbevar dei tørka blada i ein lufttett boks.

Til ein kopp te kan de nytte ca. 1–2 ts tørka blad eller ei handfull friske blad. La trekkje i vatnet i ca. 5 minutt.

Oppgåve 4: Lag dykkar eigen iste

Søk etter oppskrifter på nettet og finn ei oppskrift som de synest ser freistande ut. Lag isteen, smak til og server i fine glas til medelevar.

te_nn

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Varme drikkar