Hopp til innhald

Fagstoff

Reinhald, hygiene og kvalitetskontroll av matvarer

HACCP, internkontroll og trygg mat er omgrep i matbransjen. Denne filmen viser korleis matbransjen jobbar for å sikre gode og trygge produkt. Du finn eit tekstsamandrag av filmen under.

Tekstsamandrag

Filmen startar med bilete av jordbruk og fiske. På startplakaten står det "Matfag. Reinhald, hygiene og kvalitetskontroll". I eit klipp frå ei nyheitssending på tv blir det stilt spørsmål om vi kan stole på norsk mat.

Mens forteljarstemma beskriv korleis ein sikrar god hygiene i matproduksjon, blir det vist bilete frå eit slakteri og eit lokale for fiskeforedling. Ein prosessoperatør frå Tine Meieriet Brumunddal fortel om HACCP og CIP. Mens han forklarer, blir det vist bilete av korleis desse prosessane går føre seg ved Tines produksjonslokale.

Når forteljarstemma beskriv reinhaldet ved ei mølle, held ein person på med å reingjere maskiner med ein stor industristøvsugar.

Mens forteljarstemma beskriv ATP-målingar i eit laboratorium, blir det vist mjølkekartongar på ei tralle på veg inn i eit laboratorium. Det blir brukt fleire instrument og dataprogram på laboratoriet for å gjere målingar.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Internkontroll og HACCP