Maiskolben består av tettpakka gule kjernar som veks på rekkje rundt ein stokk. Ytst finn vi eit hylster av grøne, dekorative blad. Maiskolben blir hausta når kjernane er godt utvaksne, fargen er gul og innhaldet er kvitt og flytande. Safta i kjernen kan likne på mjølk, og smaken er søt og mild.
I Noreg har vi noko produksjon av mais. Berre ein liten del av dette går gjennom varehandelen. Mesteparten går til sjølvplukk. Etter at maisen er hausta, blir sukkeret i han omdanna til stive. Han bør derfor lagrast så kort tid som mogleg.
Kvalitetskrav
Maiskolbar skal ha tettpakka og fullt utvikla kjernar med frisk og jamn gul farge utan teikn til skadar eller ròte. Kjernane bør vere mjuke slik at den mjølkeliknande safta lek ut når du pressar kjernen mellom fingrane. Er maisen dekt med blad, er dette berre ein fordel. Blada vernar kjernane, hindrar uttørking og gjer at maiskolben ser dekorativ ut.
Bruk
Før bruk må maiskolben reinskast for dekkblad og skyljast i kaldt vatn. Er maiskolben heilt nyhausta, kan han etast naturell. Vanlegvis koker vi maisen i ca. 10–12 minutt i usalta vatn. La vatnet renne av, og server deretter med smør og krydder. Kokte kjernar kan også serverast i salatar eller som grønsak til varmretter. Mais er nydeleg til grilling i folie, men hugs å pensle med smør først. Vi et gjerne heile maiskolbar med spesielle maisgaflar.
Av mais lagar vi også maisolje og mjøl. Lefser, chips og popkorn blir òg laga av mais.
Oppskrift på grilla maiskolbar (Bama).
Næringsinnhald
Mais inneheld mykje karbohydrat og er såleis ei energirik grønsak. Mais inneheld også noko mineral og protein.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Hugselappen
Norsk sesong:
august–september
Dyrking og sal:
Mais blir dyrka i liten målestokk i Noreg. På verdsbasis er mais det viktigaste kornslaget. Han kan kjøpast fersk eller konservert på boks i butikken.
Med andre ord:
latin: Zea mays
engelsk: maize, corn
tysk: Mais, Kukuruz
fransk: maïs
Lagring:
2–4 ºC i kjøleskåp. Fersk mais har kort haldbarheit.