Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag til fisk!

Fisk er ei fantastisk råvare som kan lagast til på mange ulike måtar. I denne oppgåva skal de sjå på ulike teknikkar og velje ut ein som de lagar saman i grupper.
Grilla raud fisk med tilbehøyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel anten filet av torsk/hyse eller laks før du løyser oppgåva.

Del 1. Tillagingsteknikkar

Nemn tre ulike tillagingsteknikkar som eignar seg til fisken du har valt, og forklar korleis du vil gå fram for å få best mogleg kvalitet på det ferdige produktet.

Del 2. Farseprodukt

Tenk deg at du skal lage eit farseprodukt av fisken din. Kva produkt vil du lage, og korleis går du fram? Forklar framgangsmåten.

Del 3. Lunsjmeny

Set opp ein lunsjmeny med ein av tillagingsteknikkane du valde i del 1 eller 2. Du skal òg ha med to , mettingsgarnityr og saus.

Del 4. Planlegg

Gå saman i grupper på fire personar. Sjå på menyane til kvarandre frå del 3, og vel ein av menyane som de har lyst til å lage. Lag råvareliste og produksjonsplan for denne menyen. Maten skal serverast til alle i klassen.

Del 5. Lag retten

Lag, server og presenter retten de valde i del 4, til heile klassen.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Tillaging av fisk