Hopp til innhald

Fagstoff

Bærmousse

Ein bærmousse består ofte av marengs, bærpuré, krem og gelatin og har ein mjukare og glattare konsistens enn ein fromasj. Moussen kan serverast som ein dessert i eit glas, eller støypast som ei moussekake.

Bærmousse

Ingrediensar

  • 2 dl bærpuré

  • 2 dl fløyte

  • 200 g italiensk marengs

  • 5 plater gelatin

Framgangsmåte

  1. Legg gelatinplatene i iskaldt vatn.

  2. Bland italiensk marengs med 1 dl bærpuré. Den siste desiliteren bærpuré skal varmast med gelatinen.

  3. Pisk fløyten til "softiskonsistens".

  4. Når gelatinplatene er heilt mjuke, klemmer du ut vatnet og legg dei i ei lita gryte saman med 1 dl bærpuré. Varm opp under omrøring med ein sleikepott til det nesten når kokepunktet.

  5. Hell dette i ein tynn stråle under pisking i puré-marengsblandinga.

  6. Vend til slutt kremen inn i blandinga. (Å vende betyr å røre varsamt for å bevare mest mogleg luft i moussen.)

Då er moussen ferdig og kan brukast som ein dessert i glas eller han kan støypast som ei moussekake.

Ein konditor sprøyter bærmousse frå ein sprøytepose over i glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2024

Læringsressursar

Dessertar og kaker