Hopp til innhald

Fagstoff

Å beskrive mat

Filmen handlar om korleis vi beskriv mat med smak, konsistens og presentasjon. Det blir gitt døme på korleis du kan teste smak og konsistens, korleis ein middag bør presenterast på tallerkenen, og korleis matvarer blir presenterte i butikken.

Spørsmål


  1. Alle som jobbar med å lage mat, er interesserte i råvarer av best kvalitet. Beskriv kva sansar du kan bruke for å bedømme kvaliteten på råvarene.
  2. Kva meiner vi med konsistens?
  3. Gi døme på korleis konsistens er viktig for å vurdere kvaliteten på ei råvare eller eit produkt.
  4. Kva vil du leggje vekt på når du presenterer ein middagsrett på ein tallerken?
  5. Smaken varierer frå person til person. Vaksne liker gjerne annan mat enn barn. Folk frå ulike delar av verda liker ulike råvarer og matretter. Kva trur du er med på å styre smaken vår?


Praktiske oppgåver


  1. Gå på kjøkkenet og vel deg ut ei råvare som er pakka inn i emballasje. Beskriv kva slags opplysningar emballasjen gir om råvara.
  2. Bak skulebrød i ulike storleikar. Kva får du selt først? Kva betydning har utsjånaden?
  3. Bland råvarer som smakar surt, salt, søtt og bittert, til du synest smaken er behageleg smak. Skriv ned namnet og mengda på råvarene du har brukt.
CC BY-NC-NDRettshavar: Snöball Film AS
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020

Læringsressursar

Sensorikk og smak