Hopp til innhald

Fagstoff

Produksjon av matvarer

Du som skal utdanne deg i restaurant- og matfagsbransjen, står overfor mange ulike val som kan påverke korleis mat blir produsert og distribuert i framtida.
Ei hand held eit raudt eple med ein grøn og frodig hage i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som fagarbeidar har du eit stort ansvar for å vere med på å bidra til at framtidige generasjonar har nok mat. Å sikre berekraftig drift er å ha ein god plan for samfunnet vårt, for alle som bur her no, og for dei som kjem etter oss. Samfunnet er i stadig endring, og det krev at du kjenner til elementa som påverkar korleis vi må utnytte ressursane vi har i dag, på ein god måte.

Konsekvensar av matproduksjon

Det blir produsert mat overalt i heile verda. Skilnader i klimaet gjer at ulik mat kan dyrkast på ulike stader. Til dømes må ris dyrkast der det er mykje vatn og varme, og appelsinar og sitronar treng mykje varme og sol. Difor kan vi ikkje dyrke verken ris eller appelsinar i Noreg, og vi importerer desse og mange andre matvarer frå resten av verda.

Mat blir gjerne frakta med skip, store trailerar og fly. Både ski, fly og bilar slepper ut CO2, og dei skaper luftforureining. Når vi importerer matvarer, kan vi heller ikkje alltid vite om dei er produserte under forhold som tek vare på menneskerettane, eller kor mykje av maten som inneheld giftstoff.

Når vi produserer mat, må vi ta i bruk store landområde. For å få nok plass til å dyrke mat til menneske og dyr må vi ofte hogge ned skog. Skogen er bustad for mange ville dyr, og når han forsvinn, forsvinn òg dei ville dyra.

Jord

Dei aller fleste plantar som blir dyrka til menneskemat og dyrefôr, må ha fruktbar jord å vekse i. Slik jord får vi ved å tilføre mineralpartiklar, planterestar og levande jordorganismar, altså naturlege restar frå naturen. Det tek mange år å byggje opp god og næringsrik matjord – det tek så lang tid at vi ikkje kan kalle jord for ein fornybar ressurs. Om vi ikkje tek vare på denne jorda, kan det få store konsekvensar for matproduksjonen i framtida, både i Noreg og i resten av verda. At vi har biologisk mangfald i naturen, er viktig og nødvendig for å kunne produsere mat til menneske og dyr.

Om bøndene skal kunne produsere mat som ikkje blir for kostbar, må dei gjere produksjonen mest mogleg effektiv. Difor er matproduksjon i dag ofte veldig einsidig. Store areal blir sette av til å produsere den same veksten om att og om att kvart einaste år. Denne einsidige forma for jordbruk heiter monokultur. Slik drift vil gjere at jorda etter kvart ikkje inneheld næring som grønsaker og andre vekstar kan bruke for å vekse. Dette kallar vi gjerne å utarme jorda. I tillegg er det viktig ha bakteriar i jorda, fordi det skaper eit godt næringsgrunnlag for å dyrke mat.

For å få plantane til å vekse fortare bruker bøndene å spreie gjødsel på åkrane. Fleire stader bruker ein kumøk som gjødsel. Det er ein naturleg ressurs som tilfører jorda biologisk mangfald. Andre stader bruker ein kunstgjødsel. Kunstgjødsel er som karbohydrat for jorda og plantane og er med på å utarme jorda og å øydeleggje for den framtidige matproduksjonen for menneske og dyr.

Insekt

Mange er redde for bier og humler. Men utan insekt som bestøvar plantane, vil avlingar med frukt, bær og andre plantar få mykje dårlegare kvalitet. Talet på bie- og humlearter har dei siste åra vorte kraftig redusert, og ikkje minst er talet på insekt som bestøvar plantane, gått kraftig ned. Einsidig jordbruk, at skogen gror att og gjer det vanskeleg for blomstrar å vekse opp, bruken av kjemiske sprøytemiddel og utbygging i naturen er berre noko av det som gjer det vanskeleg for insekt å overleve.

Mange har no vorte merksame på problemet, og fleire stader har folk byrja å lage blomsterbruer i byane slik at insekta har mat når dei flyr gjennom tettbygde strøk. Fleire restaurantar har dessutan byrja å produsere grønsaker lokalt i byen. I tillegg har folk teke i bruk taka i byen til å dyrke blomstrar og grønsaker. Dette gir insekta betre levekår i byen, og restaurant- og matbransjen får tilgang på kortreiste og ureiste matvarer.

Ein hage på toppen av eit tak i Paris. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reint vatn

Å ha tilgang til reint vatn ser vi på som sjølvsagt i Noreg. Dessverre er det ikkje slik at alle er så heldige at dei kan tappe reint vatn frå springen og drikke det utan frykt for å bli sjuke. Reint vatn er ein av våre aller viktigaste ressursar, i matproduksjon og for alt liv på jorda.

Noreg har gunstige regnforhold. Vi har mykje nedbør, noko som gir oss god tilgang til reint vatn. Difor treng vi ikkje å vatne avlingane våre så mykje, med unntak av nokre stader og nokre år. Til å produsere grønsaker og avle opp dyr må det til mykje og reint vatn. Normalt krev planteproduksjon mindre vatn enn kjøtproduksjon. Sidan vi har så god tilgang til reint vatn, vil ikkje behovet for reint vatn til menneske gå på kostnad av vassforbruk for å dyrke mat.

Andre stader på jorda kan forholdet mellom reint vatn til menneske og vatn til matproduksjon kome i konflikt. Mellom anna har mange menneske mista tilgangen til reint drikkevatn i Chile fordi vatnet blir brukt til å vatne avokadoplantar. På grunn av veksten i etterspurnaden etter avokado i mellom anna Europa har dette vorte ein lukrativ bransje. Men dette kan få store, negative konsekvensar for lokalbefolkninga.

Som yrkesutøvar er det viktig å kjenne til ulike konsekvensar ved varene ein kjøper inn og bruker i bedrifta. Kva som til kvar tid er rett og gale, er vanskeleg å vite, men det er nødvendig å ha kunnskap om dei ulike produkta slik at ein kan ta medvitne val.

Matproduksjon i vatn

Mange stader i verda haustar vi av ressursane som finst i vatnet. Å hente ut fisk frå elver, vatn og sjøar er vanleg over heile verda. For å få lettare tilgang til ressursane har det nokre stader kome oppdrett av mellom anna fisk.

Scampi er eit av produkta mange meiner har svært negativ påverknad på miljøet. Oppdrettsanlegg for scampi ligg i mangroveskogar, og oppdrettet øydelegg denne skogen. Opp mot 50 prosent av all verdas fiskeressursar finst i mangroveskogane, og oppdretta både øydelegg for annan fisk og frigjer karbon i lufta. Når store reketrålarar fiskar etter scampi, øydelegg dei livsviktige område med korallrev. Korallreva er heim til mange dyre- og fiskearter. I Sverige har mange butikkar slutta å selje scampi, nettopp fordi miljøproblema med scampi er så store.

I Noreg er lakseoppdrett ei stor og viktig eksportnæring. Også denne bransjen har fått mykje kritikk for å forureine vatna der merdane ligg. Kritikken av fôringa og innhaldet i laksefôret har skapt store overskrifter i media. Særleg er bruken av antibiotika blant temaa som er drøfta både nasjonalt og internasjonalt. Når fisken står i opne merdar, vil dette fôret òg bli tilgjengeleg for villfisk. Då kan den ville fisken få i seg antibiotika, noko som ikkje er ønskjeleg.

Andre miljøutfordringar er at fisk blir brukte som fôr til oppdrettslaks. Mellom anna har det vore omdiskutert at firma som oppdrettar laks i andre land, fiskar opp fisken som lokalbefolkninga bruker til mat. Då er matproduksjonen sett inn i eit effektivt og økonomisk system som tek frå lokalbefolkninga høvet til å få nok mat og reint vatn.

Å ta val er eit stort ansvar. Å ta etisk riktige val er vanskeleg. Det er ikkje alltid du kjenner til alle miljøavtrykka det produktet du ønskjer å bruke, faktisk set på jorda. Ofte må ein setje to dårlege val opp mot kvarandre og velje det ein trur er minst miljøøydeleggjande. Det viktigaste du som yrkesutøvar kan bidra med, er kunnskap og eit ønske om å ta miljøvennlege val.

CC BY-SASkrive av Dina Gaupseth.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2020

Læringsressursar

Berekraftig mat