Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage ei god problemstilling

I forskinga er gode spørsmål like viktige som gode svar. Eit forskingsprosjekt startar ofte med eit spørsmål eller ei problemstilling. Problemstillinga seier noko om kva du skal forske på innanfor det temaet du har valt og peiker ut retninga for resten av prosjektet.
Ein ung mann med briller og spørsmålsteikn i panna. Foto.

Kva er ei problemstilling?

Ei problemstilling er eit grunngitt forskingsspørsmål. Det vil seie at du ved hjelp av fagleg kunnskap lagar eit spørsmål om det temaet du ønskjer å forske på. Når du lagar ei problemstilling, må du derfor:

  • Ta utgangspunkt i sosiologisk og sosialantropologisk kunnskap.
  • Bruke denne kunnskapen til å lage eit spørsmål som du kan få svar på ved hjelp av ei undersøking.

Viss du skal forske på kriminalitet, kan du til dømes ta utgangspunkt i tidlegare forsking som viser at det er langt fleire kriminelle menn enn kvinner. På bakgrunn av denne kunnskapen kan du formulere problemstillingar som:

  • Har gutar og jenter ulike haldningar til kriminalitet på skulen min?
  • Kva normer har gutar og jenter når det gjeld bruken av vald?

Korleis lagar du ei problemstilling?

Når du skal lage ei problemstilling, må du starte med å formulere eit spørsmål. Den enklaste måten å lage eit spørsmål på er å bruke spørjeord som kva, kven, kvar, kva for nokre, korleis og kvifor. Problemstillinga bør òg vere kort og blir vanlegvis formulert i ei setning og eitt enkelt spørsmål.

La oss seie at du ønskjer å forske på kultur og integrering i Noreg. Frå før av veit du at det eksisterer mange fordommar mot muslimar, og du ønskjer å forske på bruken av hijab blant muslimske jenter. Då kan du anten formulere ei brei og utforskande problemstilling som til dømes:

  • Kva erfaringar har unge muslimske jenter med å bruke hijab i samfunnet?

Du kan òg velje å formulere ei meir presis og avgrensa problemstilling som til dømes:

  • Kva slags negative sanksjonar møter unge muslimske jenter med hijab i kollektivtrafikken i Stavanger?

Korleis du formulerer problemstillinga, er avhengig av formålet med undersøkinga.

  • Viss formålet er å beskrive eit fenomen, kan du spørje om korleis unge muslimske jenter opplever det å bruke hijab.
  • Viss formålet er å forklare eit fenomen, kan du spørje om kvifor muslimske jenter med hijab blir utsette for negative sanksjonar?
  • Viss formålet er å undersøkje konsekvensar, kan du spørje om kva konsekvensar negative sanksjonar har for muslimske jenter som bruker hijab.
Ulike former for problemstillingar

Theo Koritzinsky har komme fram til følgjande hovudkategoriar av problemstillingar:

Faktaspørsmål:

Forklarer grunnleggjande omgrep og gir informasjon.
Spørsmål: Kva / kvar / kven er...? Korleis verkar...?

Forklaringsspørsmål:

Forklarer samanhengar. Spørsmål: Kvifor er det slik at...?

Vurderingsspørsmål:

Avdekkjer synspunkt og haldningar. Spørsmål: Kva synest vi om...? Kva haldning har vi til…?

Handlingsspørsmål

Leiar til handling. Spørsmål: Kva kan vi gjere for å…?

Kilde: Roland, E.S. & Alnæs, S. (2011 ) Korleis ser ei god problemstilling ut. NDLA. Henta frå https://2011.arkiv.ndla.no/node/64026

Avgrens problemstillinga

Jo meir konkret og presis problemstillinga er, jo lettare blir det ofte å gjennomføre undersøkinga i praksis. Ein måte å avgrense problemstillinga er å formulere heilt presist kva og kven du vil undersøkje.

  • Viss du til dømes vil undersøkje haldningar blant ungdom, kan du avgrense denne gruppa og seie at du vil undersøkje haldningar blant ungdom mellom 16 og 18 år i Tvedestrand kommune.
  • Viss du vil undersøkje utdanningsval, kan du avgrense problemstillinga å seie at du vil undersøkje tiandeklassingar sitt val av studieretning til vidaregåande.

Ein annan måte å avgrense problemstillinga på er å beskrive kva du vil fokusere på i innleiinga av oppgåva. Du bør òg grunngi kvifor du har valt nettopp dette fokuset.

  • Viss du vil undersøkje ungdomskriminalitet i kommunen din, kan du avgrense oppgåva og berre fokusere på narkotikakriminalitet. Ei grunngiving for det valet kan vere at lokalavisa har hatt fleire saker om narkotikabruk blant unge dei siste månadene.
Jente sitt med skriveblokk på knærne og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenneteikn på ei god problemstilling

Relevant og aktuell

Problemstillinga må vere fagleg relevant og kunne knytast til læreplanen. Det er òg ein fordel om du kan trekkje inn ulike delar av faget. Ofte kan det vere lurt å ta utgangspunkt i dagsaktuelle tema. Det gjer ofte forskingsprosjektet meir engasjerande for deg sjølv og andre.

Tydeleg og presis

Problemstillinga bør vere enkel og unngå ord og formuleringar som kan tolkast på mange ulike måtar. Bruk i staden fagomgrep som kan definerast presist og kutt ut alle unødvendige ord.

Brukeleg og forskbar

Det må vere mogleg å undersøkje eller forske på problemstillinga i praksis. Det kan til dømes vere spennande å forske på terrorisme, men for dei fleste skuleelevar er terroristar vanskelege å komme i kontakt med.

Opnar for refleksjon og drøfting

Svaret på problemstillinga kan ikkje vere openberr. Ei god problemstilling opnar for refleksjon og diskusjon. I staden for å spørje kven som tener mest av kvinner og menn kan du spørje om kvifor det er så store lønnsforskjellar mellom dei.

Spesifisering av problemstillinga

Problemstillinga styrer heile undersøkinga, og det er fleire måtar å gjere ho meir presis og brukeleg på. I tillegg til å avgrense problemstillinga kan du òg formulere hypotesar eller underspørsmål.

Hypotesar

Du kan formulere eller dele opp problemstillinga di i éin eller fleire hypotesar. Ein hypotese er ei form for kvalifisert gjetting. Du formulerer ein påstand om korleis du trur røyndommen ser ut. Denne påstanden kan deretter bli stadfesta eller avkrefta i undersøkinga.

Viss du ønskjer å utforske om det er ein samanheng mellom bruken av sosiale medium og kroppspress, kan du lage følgjande hypotesar:

  • Dei som bruker mykje tid på sosiale medium, opplever meir kroppspress enn dei som bruker lite tid.
  • Dei som deler mange bilete på sosiale medium, opplever meir kroppspress enn dei som deler få bilete.

Desse hypotesane kan du deretter stadfeste eller avkrefte gjennom ei spørjeundersøking.

Underspørsmål

Viss du har ei relativ brei problemstilling, kan du dele ho opp i enklare og meir konkrete underspørsmål. La oss seie du at du ønskjer å undersøkje kva som er konsekvensane av hatytringar på sosiale medium. Då kan du til dømes stille følgjande underspørsmål:

  • Kva slags typar hatytringar får ungdommar?
  • På kva for nokre sosiale medium opplever ungdom hatytringar?
  • Korleis opplever ungdom sjølv å bli påverka av hatytringar?

Øving

Lag forslag til problemstillingar og diskuter dei:

  • Kva var bra med problemstillinga?
  • Kva var uklart og må utdjupast eller gjerast tydelegare og meir presist?
  • Kva kan endrast og forbetrast? Korleis?

Kjelder

Andersen, G. (2008) Forskningsprosessen. Henta frå https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen-i-skolen/forskningsprosessen

Grønmo, S. (2004) Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget

Rienecker, L. & Jørgensen, P.S. (2013) Den gode oppgaven. Bergen: Fagbokforlaget

Roland, E.S. & Alnæs, S. (2011 ) Korleis ser ei god problemstilling ut. NDLA. Henta frå https://2011.arkiv.ndla.no/nn/node/64029

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020

Læringsressursar

Å jobbe med forskingsoppgåve