Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Direkte eller indirekte diskriminering

Oppgåve 1

Vurder om døma nedanfor er direkte eller indirekte diskriminering, eller er unntak frå lova mot diskriminering:

  1. Det blir søkt etter sterke menn i politistillingar.
  2. Gjennomsnittshøgda for søkjarar til stillinga politikonstabel må vere 180 cm.
  3. Eit kyrkjesamfunn som meiner at tilsetjing av kvinnelege prestar ikkje er tillate etter Guds ord, søkjer etter mannlege prestar.
  4. Kvinnene som er i fødselspermisjon i bedrifta får ikkje delta i lønnsforhandlingar.
  5. Ein kristen folkehøgskole skal tilsetje ein kvinneleg kokk som også har andaktar på skolen.
  6. Ein restaurant søkjer etter serveringspersonell. Det blir opplyst at arbeidsantrekket er skjørt.
  7. Ei kvinne har søkt på ei stilling. Ho er best kvalifisert av søkjarane, men på grunn av at ho er gravid, får ho ikkje jobben fordi bedrifta treng ein kompetent person i stillinga straks.
  8. Det blir gitt ulike tilsetjingsvilkår for heiltidsarbeidande og deltidsarbeidande.

Oppgåve 2

Du skal tilsetje ein person som skal gjere teneste i resepsjonen i ei bedrift. Personen må kunne ta imot og setje over telefonar til dei tilsette i bedrifta. Ein av søkjarane er ei kvinne som manglar høgre armen.

Kva gjer du?

  • La vere å kalle kvinna inn til intervju?
  • Kalle ho inn til intervjuet, forklare at du syntest du måtte gjere det av formelle grunnar, men forklare at du ikkje kan tilsette ho, fordi optimal betjening av tastatur vil krevje bruk av begge hender?
  • Kalle vedkommande inn til intervju og spørje korleis ho kan tenkje seg å klare oppgåva trass i funksjonshemjinga?

I kvart av tilfella skal du avgjere om det er direkte eller indirekte diskriminering du er skuld i. Kva delar av Diskrimineringsloven omfattar dette? Diskrimineringsloven om nedsatt funksjonsevne.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Arbeidsliv